Gå til innhold
Annonse
Christian Hatlem Skår er ny prosjektleiar i Akvahub. Foto: Privat.
Christian Hatlem Skår er ny prosjektleiar i Akvahub. Foto: Privat.

Christian Hatlem Skår (30) er frå 1.mai 2019 tilsett som prosjektleiar i Akvahub. Saman med dagleg leiar Asbjørn D. Løland skal dei vidareutvikle Akvahub sin aktivitet med base i Leirvik i Ytre Sogn.

Annonse

Hatlem Skår kjem frå Firda Seafood AS der han har vore skipper/fartøysansvarleg og prosjektansvarleg for planlegging og ombygging av avlusingsfartøyet Firda Fighter.

Hos Firda hadde han også ansvar for ombygginga av brønnbåten Rofisk til stun-and-bleed fartøyet Firda Savior ved Aas Mekaniske Verksted.

Før dette arbeidde han som styrmann, Marine Advisor og skippar for henhaldsvis Solstad Offshore AS , Odfjell Drilling AS og Notmann AS.

- Eg blir motivert av utfordringar! Og kunne ikkje sei nei då eg fekk denne moglegheita, seier Christian Hatlem Skår i ei pressemelding.

Christian Hatlem Skår likar ei utfordring, og ser fram til å jobbe meir spissa mot innovasjon i havbruksnæringa. Foto: Privat.
Christian Hatlem Skår likar ei utfordring, og ser fram til å jobbe meir spissa mot innovasjon i havbruksnæringa. Foto: Privat.

- Firda Seafood har vore ein super arbeidsplass med masse flinke folk som jobbar innovativt og med fokus på verdiskaping. No ser eg fram til å jobbe endå meir spissa mot innovasjon, berekraft og miljø saman med Akvahub sine eigarar, legg han til. 

Som sjøkaptein med bachelor i nautikk og snart 10 års erfaring frå både prosjektleiing og praktisk utføring og problemløysing frå olje- og havbruksnæringa, får Akvahub no tilført ny kompetanse med stor synergi inn i eksisterande prosjekt.

Som hand i hanske

- Dette er perfekt match for Akvahub i denne fasen av etableringa. Christian tilfører høg teknisk kompetanse og kan sendast rett i felten for både prosjektleiing og for praktisk gjennomføring, seier dagleg leiar Asbjørn Dyrkorn Løland.

- Eg ser verkeleg fram til at han byrjar og at vi kan kople teoretisk tilnærming med dei tekniske erfaringane han har opparbeidd seg, legg han til.

Arbeidsoppgåvene vil i første omgang vere å bidra med sin kompetanse inn i dei eksisterande prosjekta som Akvahub er involvert i. Ein viktig faktor i tilsetjinga er at dette også medfører nye moglegheiter for Akvahub som kan utvide rolla si og engasjere seg i fleire og andre typar prosjekt for eksisterande og kommande eigarar.

Akvahub:

  • Er forsking- og utviklingsavdelinga til sju ulike selskap med verksemd innafor havbruksbransjen.
  • Eigarane nyttar Akvahub til prosjektarbeid og andre aktivitetar innanfor temaet berekraftig havbruk.
  • Akvahub avlastar eigarane og sikrar fagleg, ressursgjerrig og effektiv utføring av dei ulike oppgåvene eigarane vil ha løyst.
  • Selskapet held til i Leirvik i Ytre Sogn med eit avdelingskontor på Marineholmen i Bergen.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse