Aquatraz er eit samarbeid mellom oppdrettsselskapet Midt-Norsk Havbruk og Seafarming Systems. Merden er 18 meter djup og 160 meter i omkrins.

Ny, rømmingssikker merd under utprøving: Skal sørge for eit lusefritt laksefengsel

For litt under ein månad sidan vart den første laksen sleppt ut i ein flunkande ny prototype-merd nord i Trøndelag: Med nót i stål og vasstraum inkludert skal merden Aquatraz både hindre rømming og trimme laksen, medan Norsk institutt for vassforsking (NIVA) held auge med lusa og vassmiljøet i merden.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Namnet på det nye merd-konseptet er inspirert av fengselsnamnet Alcatraz, fengselet på ei øy i San Fransisco-bukta som ingen fange kunne rømme ifrå. Målet for den nye merden er at han skal vere like rømmingssikker – og forhåpentleg meir lusefri, melder Norsk institutt for vassforsking (NIVA) i ei pressmelding. 

- Det er stas og veldig artig å få vere med på dette prosjektet, seier forskar Sara Calabrese ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA).

Ho og kollega Anders Hobæk er nettopp komne heim frå prøvetaking. Merden ligg i Eiterfjorden nord i Trøndelag, og i det komande året skal NIVA drive miljøovervaking i merden.

Luseskjørt i stål

Aquatraz er eit samarbeid mellom oppdrettsselskapet Midt-Norsk Havbruk og Seafarming Systems. Merden er 18 meter djup, 160 meter i omkrins og har ei ny utforming som ikkje er testa før, mellom anna ved at merden kan hevast, får vassforsyningar frå djupet og har eit skjørt i stål.

- Dei åtte første metrane under vatn er merden omkransa av ein tett vegg. Det skal hindre lusa i å kome inn til laksen. Lusa plar nemleg å halde seg øvst i vassøyla, forklarar Calabrese, som har doktorgrad i semi-lukka oppdrettssystem, slik som Aquatraz er.

Sjå bygginga av den fyrste Aquatraz-merda ved Fosen Yard under. Video: NTS. Saka fortset under. 

Sidan veggen, eller luseskjørtet, som det heiter på fagspråket, er laga i stål, vert det ikkje deformert av mekanisk påverknad, slik som er tilfelle med andre luseskjørt. Då vert det heller ikkje lekkasje av vatn – det vil seie lus og algar – inn i merden.

- Målet er jo å halde lusa ute. Vi skal samanlikne førekomst av lus, algar og maneter i Aquatraz-merden, i tilstrøymande vatn og i ein konvensjonell merd for å undersøke effekten av stålveggen, forklarar Calabrese.

NIVA skal òg undersøke resultata for vasskjemi, temperatur, oksygeninnhald og vass-straum. Ved å samanlikne fiskevelferd, fiskehelse og fiskevekst mellom den nye merden og den konvensjonelle merden skal forskarane vurdere kor stor effekt vasskvalitet og anleggstekniske løysingar har for laksen og for førekomsten av lus.

Vatn frå djupet og laksetrim

Vasskvaliteten i merden er avhengig av ei rekkje faktorar, fortel NIVA-forskaren, og ramsar opp:

- Kor djupt går skjørtet, og kvar kjem vassmassane frå? Kor mykje fisk er det i merden, og kva fôring får dei? I tillegg spelar vind, nedbør og lagdeling i vatnet inn på vasskvaliteten i merden - for å nemne noko.

I den nye Aquatraz-merden skal dei kontrollere nokre av dei ytre faktorane: Vatnet vert nemleg pumpa opp frå havbotnen og sett i sirkulasjon i merden. Sidan vatn frå større djup held meir oksygen enn vatn ved havoverflata, får laksen i oppdrettssystemet meir oksygenrikt vatn enn om vassforsyninga berre hadde vore passiv transport gjennom nóta. Vasstilskotet frå botnen gjer òg at temperaturen i heile merden vert jamnare. Pumpa, eller straumsetjaren, sørgjer dessutan for at det vert optimal straum for fisken så han får trimma seg.

I staden for ei pumpe, er det i den tradisjonelle merden ein sokalla midtnorsk-ring. Frå denne ringen, som er i botnen av merden, vert det sleppt ut luftboblar som dreg med seg djupvatn oppover i merden slik at vassmassane blandast. I Aquatraz er midtnorsk-ringen berre back-up.

- Det vert spanande å sjå effekten av straumsetjarane på vasskvaliteten, og kor forskjellig det vert frå den konvensjonelle merden, seier Calabrese.

Fleire nye Aquatraz-merdar på veg

Dette er den første av fire Aquatraz-merdar som er planlagde, og fleire skal det verte. Nummer to er allereie under produksjon på Fosen Yard i Indre Fosen kommune, og skal slepast opp til syster-merden sin Eiterfjorden så snart han er ferdig rundt årsskiftet. Vassmiljø-overvakinga til NIVA skal bidra til at kvar nye Aquatraz-merd vert litt betre enn den førre.

- Vatnet til fisken er som lufta for oss – altså heilt avgjerande. Difor er god kvalitet på vassmiljøet avgjerande for fiskehelse og -vekst. Ved å systematisk samanlikne ny teknologi med konvensjonelle metodar, og deretter forbetre teknologi og rutinar basert på resultata, er Aquatraz eit viktig prosjekt på vegen mot å takle nokre av dei største utfordringane i oppdrettsnæringa i dag, nemleg lus, laksedød og rømming, avsluttar NIVA-forskaren.