I oppstartinga har Sætrevik, fått låne hender frå elektrobedrifta. F.v: Hildegunn Solli (Vest Maritim Elektro), Nils Bjarte Sætrevik og Benedikte Nordhus. Foto: Linn Therese Skår Hosteland

Nyoppstarta rognkjeks-anlegg på Fitjar

På Årskog i Fitjar kommune, søm det no tusenvis av rognkjeks rundt i kara på det splitter nye landanlegget til Vest Aqua Base. - Det er flott å kunne bidra med ei biologisk og miljøvennleg avlusning. Ein kan kvitte seg med mykje av resistensproblematikken i dagens næring med rognkjeksen, fortel Nils Bjarte Sætrevik, dagleg leiar i selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Den fyrste yngelen kom på plass i påveksthallen allereie i slutten av oktober, og dei planlegg at heile 36 kar eller fleire skal fyllast med lusebeitarar.

- Ettersom dette enda er ein ny art, er me førebels ikkje heilt sikre på kva type kar me skal gå for. Eg ser det at ulike aktørar har ulike løysingar. Nokon brukar store kar, nokon brukar små kar og andre brukar kringlekar, opplysar Sætrevik.

Det er heile sju Salmongroup-oppdrettarar inne på eigarsida i selskapet: Langøylaks, Telavåg fiskeoppdrett, Eide Fjordbruk, Engesund Fiskeoppdrett, Tombre Fiskeanlegg, Troland lakseoppdrett og Austevoll Melaks. Desse eig alle ti prosent kvar, medan Vem Eigedom har 30 prosent gjennom selskapet.

Selskapet har i dag ei løyve på 2,5 millionar setjefisk i storleiken 1–19 gram, eit tal dei etterkvart tek sikte på å nå.

-  Dei fyrste batchane med yngel kjem frå eigenfiska stamfisk, som i påvente av at anlegget skulle ferdigstillast blei røkta frå av ein eksisterande oppdrettslokalitet. Dei neste batchane skal produserast i sin heilheit her, seier han.

Anlegget er eit gjennomstrøms-anlegg der dei hentar inn UV-behandla og reinsa sjøvatn frå 60 meters djupne, ei god mil frå anlegget.

- Vatnet har ein jamn temperatur på rundt ti grader, noko som er litt høgare enn fyrst venta då me har høyrt at kjernetemperaturen skal liggje på ein 8-9 grader. Truleg er årsaka at vatnet vert henta eit stykke frå anlegget og at temperaturen er noko høgare inne i påveksthallen. Om det har noko å seie for produksjonen, finn me ut etter kvart, seier den daglege leiaren.

Meir om anlegget og produksjonen kan du lese om i magasinet Norsk Fiskeoppdrett, nummer 11.