Frå venstre Geir Ingolf Strand, Kjell-Torodd Fitjar Bremskau og Eirik Østerhaug utenfor Atheno sine lokaler hvor Alde Akva har kontor. Foto: Alde Akva

Nystarta Alde Akva satsar innan akvakultur

Tre kollegaer satsar no som ny kompetanseleverandør innanfor landbaserte- og lukka anlegg for smolt og matfisk. I bagasjen har dei over 50 års erfaring og komplimenterande kunnskap om akvabransjen. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Alde Akva startar i desse dagar opp på Verket på Stord i inkubatorlokala til Atheno AS. 

- Me vil vere fysisk lokalisert i Sunnhordland, men ser vidt når det kjem til kundesegment. Me har planar om å arbeide både lokalt og nasjonalt – men også mot den internasjonale marknaden, fortel Geir Ingolf Strand. 

Lang erfaring

Saman med sambygding Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Fitjar og Eirik Østerhaug frå Sveio vil han blant anna tilby skisseprosjekt, forprosjekt, driftsanalysar og fullstendige driftsplanar. I alle fasar av prosjekt tilbyd de også teikningsproduksjon og 3D visualiseringar. 

- Me har til saman over 50 års erfaring innanfor dette fagfeltet, og veit me har ettertrakta kompetanse. Det gjer at me er sterke i trua på at dette skal gå bra, fortel Fitjar Bremskau som er dagleg leiar i selskapet. 

Han får støtte av medgründer Eirik Østerhaug. 

Dette er Alde Akva:

  • Nystarta kompetanseleverandør til Akvabransjen. 
  • • Starta av Kjell-Torodd Fitjar Bremskau, Eirik Østerhaug og Geir Ingolf Strand. 
  • • Gründerane har utdanning innanfor teknisk- og biologisk akvakultur, miljø- og havbruksteknologi, samt CAD og 3D-verktøy. 
  • • Tar alle typar oppdrag knytt til løysingar for praktiske og moderne settefiskanlegg. 
  • • Gründerane kjem frå Fitjar og Sveio. 
  • • Samla har dei over 50 års erfaring innan fagfeltet. 
  • • Lokalisert på Verket på Stord. Del av Atheno AS sin Siva-inkubator. 

- Me ynskjer å vere ein aktør som snur seg rundt på kort varsel og som leverer kjapt og effektivt. Ved å vere i tidleg dialog med kundane for å avklare behov og ynskjer i prosjekta sine vil dei spare både tid og pengar, og me vil kunne levere på kortare tid. - Ja, me har ein klar målsetnad om at me kan gjere ein skilnad i forhold til andre større aktørar når det gjeld responstid. Alde Akva skal bli best på det me gjer, legg Fitjar Bremskau til. 

Hoppar inn i det ukjende

Dei tre har lang erfaring som prosjektteam frå blant anna hos Multiconsult og Akvator. Å starte eiga bedrift er noko som har modna over tid. 

- Me har hatt det godt og kjekt der me har vore, og me har eit godt forhold til tidlegare arbeidsgjevarar. Men det er vel 4 -5 år sidan me første gong byrja å prate litt om at det hadde vore spennande å starte for seg sjølv. Og etter lang tids modning var tida no inne for å hoppe i det ukjente. Dette blir kjempespennande, seier Østerhaug engasjert. 

Del av inkubatormiljø

På Verket sentralt ved E 39 på Stord har dei installert seg i nye og lyse lokale. 

- Me er glade for at me frå starten får vere med i inkubatormiljøet til Atheno AS. Her får me 

tilgang til nytt nettverk, gode møteromskvalitetar og eit flott miljø med andre gründerbedrifter. Me tek gjerne i mot kundar her,- eller møter dei der dei er. Det er berre å ta kontakt. Me er i alle fall klare, avsluttar Geir Ingolf Strand.