AqKvas rensefiskkonferanse vil i år også kunne streames på nett. Her frå konferansen i 2019. Foto: AqKva

Rensefiskkonferansen på Stord går digitalt

- Sidan interessa for rensefiskkonferansen er så høg, er konferansensalen for lengst fylt opp. Difor har me laga til ei løysing der ein kan streama konferansen «live», medan ein fortsatt kan bida aktivt i konferansen ved blant anna stilla spørsmål til foredragshaldarar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv AqKva i ei pressemelding.

Temakonferanse går fysisk av stabelen på Stord torsdag 10. september. Her kjem representantar frå alle sider av næringa, inkludert forvaltning og tilsynsmyndighet for å diskutera høgaktuelle problemstillingar. Konferansen vert i år arrangert for 5. gong.

- På grunn av gjeldande regelverk for koronapandemien, er det i år begrensa plass i konferansesalen. Sidan interessa for konferansen er så høg, er konferansensalen for lengst fylt opp. Difor har me laga til ei løysing der ein kan streama konferansen «live», medan ein fortsatt kan bida aktivt i konferansen ved blant anna stilla spørsmål til foredragshaldarar, heiter det i pressemeldingen.

I streamingen skal ein både filma og overføra presentasjonar, foredragshaldarar og intervjua utstyrsleverandørar som stiller ut sine produkt og tenester. Desse presentasjonane skal visast digitalt i pausane i konferansen, skriv dei vidare. 

- Det er allereie mange innan næringa som er klar til å følgja Rensefiskkonferansen digitalt, frå Rogaland til Troms – og til og med frå Færøyane. Det gjer at rekkevidden for konferansen aukar og kan gje AqKva eit større nedslagsfelt enn tidlegare. Kombinasjonen av fysisk og digital konferanse vil vera ei løysing som kan fungera, men me ser fram til å arrangera konferansar som «normalt», seier dagleg leiar, Vidar Onarheim.

Til orientering er Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no og Skipsrevyen sin eiger, Gustav Erik Blaalid (gjennom selskapet Vitamin Holding AS), medeiger i Aqkva AS med 1/6.