Fartøyet

Samdrift gav gode resultat - vil auke antall lokalitetar

Samdriftsselskapa E.Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk aukar begge både resultat og omsetning. Selskapa arbeidar no med ein ny lokalitetsstruktur, der dei skal gå frå to til tre lokalitetar, som dei tykkjer vil betre MTB-utnyttinga til selskapa i framtida.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Begge selskapa er familieigde bedrifter og driv oppdrett i Sogn og Fjordane. Dei har tilsaman fire løyver for oppdrett av laks.

Omsetninga til Marø Havbruk kom på 83,4 millionar i 2016, sett mot 65 millionar året før. Driftsresultatet enda på 43, 5 millionar kroner mot 18,5 millionar i 2015.

Elin Tveit Sveen, er dagleg leiar i Marø Havbruk som har samdrift med E. Karstensen Fiskeoppdrett. Foto: Privat.

Omsetninga til samdriftspartner E. Karstensen Fiskeoppdrett var i 2016 83,5 millionar kroner, ei solid auke frå 65,1 millionar året før. Driftsresultatet deira kom på 44, 5 millionar kroner, frå 17,8 millionar året før.

- Ikkje nøgd med biologien

Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett har samdrift og dagleg leiar Elin Sveen i Marø Havbruk og Nils Tore Karstensen i E.Karstensen Fiskeoppdrett ynskjer å svare saman på kyst.no sine regnskapsspørsmål.

​- Me er sjølvsagt nøgd med det økonomiske resultatet, men er ikkje nøgd med det biologiske resultatet. Me fekk påvist både HSMB og PD på haust 15 og hadde ein del utgang av laks i 2016 som førte til lågare produksjon enn planlagt, fortel dei to.

Årsaka til at dei to selskapa klarar å auke resultatet i 2016 fortel dei er eitt resultat av høge prisar og god timing med slakting i periodar der lakseprisen var veldig god.

Førebygger med laser

Lusestatus i år fortel dei to er bra.

- Det er fyrst no me har føretatt avlusing med Thermolicer på haust 16 fisken. Førebyggande har me i vår investert i to nye laserar og har no totalt 12 stykk som me samarbeidar om og i tillegg bruker me reinsefisk, seier dei to til Kyst.no.

Nils Tore Karstensen er dagleg leiar i E. Karstensen Fiskeoppdrett AS som driv samdrift med Marø Havbruk. Foto: Privat.

- Må me likevel avluse er me med i eit samarbeid med 11 andre oppdrettsselskap som har investert i to Thermolicerar og samarbeidsavtale med Rostein rederiet der me bruker brønnbåten Ro Server, legg dei til.

I tillegg til innkjøp av to nye laserar, arbeidar selskapa med ein ny lokalitetsstruktur, der dei skal gå frå to til tre lokalitetar. Dette meinar dei vil betre utnyttinga av MTB for dei to selskapa.

Bekymra for aukande kostnadar

Dei to fortel dei er bekymra for dei aukande kostnadene, men påpeiker dei er bevisst på dette. Løysninga meina dei er å få på plass fleire verkemidlar mot lus.

- Arbeidet med å få fleire «verktøy» for å halde lusenivå lavt må intensiverast. Me kan ikkje basere oss på mekanisk avlusing i framtida grunna dette utfordrar fiskevelferda for laksen.

Fyrste del av 2017 seier dei er biologisk betre enn året før, og ambisjonane er å betre dei biologiske resultata.

- Me har også ambisjonar om å fortsetje å vere viktige bidragsytarar i lokalsamfunnet som både me og storsamfunnet er avhengig av, seier dei avslutningsvis.

Om selskapa: 

  • Karstensen Fiskeoppdrett har fire tilsette, pluss ein TAFF lærling. Selskapet var i lag med Marø Havbruk to av initiativtakarane til Sunnfjord Rensefisk AS, som produserar berggylte for avlusing.
  • Marø Havbruk har tre tilsette, pluss ein TAFF lærling.
  • I tillegg leiger begge selskapa inn ein person i fellesskap som jobbar med Internkontroll, HMS og ein del administrasjon.
  • Selskapa er også medlem i Salmon Group, det sikrar stordriftsfordelar av innkjøp av varer og tenestar.