Gå til innhold
Annonse

Satsar på havets salat på Gjøsund i Giske kommune

Satsar: Petter Marius Synnes og Nordi Ocean AS har sendt inn byggesøknad til Giske kommune om løyve til landbasert oppdrett av den populære algearten ulva, betre kjend som havsalat. Området dei har søkt om løyve er på Nordnes Gruppen si tomt i bakgrunnen. Foto: Øyvind Snorre Magelsen Godø
Satsar: Petter Marius Synnes og Nordi Ocean AS har sendt inn byggesøknad til Giske kommune om løyve til landbasert oppdrett av den populære algearten ulva, betre kjend som havsalat. Området dei har søkt om løyve er på Nordnes Gruppen si tomt i bakgrunnen. Foto: Øyvind Snorre Magelsen Godø

Selskapet Nordi Ocean AS (tidlegare Green Cycle) har søkt om byggeløyve til landbasert dyrking av havsalat på Gjøsund.

Annonse

Dei har inngått intensjonsavtalar med dei internasjonale selskapa Firmenich og Ocean Supreme, og har som mål å produsere mellom 500 og 1000 tonn av den populære algearten ulva, betre kjend som havsalat, innan 2022.

Det er Petter Marius Synnes, Jon Arve Synnes, Johan Roald Sandøy og Arnfinn Sigbjørn Ytterland som står bak selskapet lokalisert i Giske kommune. I tillegg til å skulle dyrke tare i sjøen ved egen konsesjon på Vikane, satsar dei no på landbasert dyrking av algearten ulva, betre kjend som havsalat.

Produksjon opp mot 1000 tonn

Tidlegare har dei vore med på Sparebanken Møre sitt nyskapingsstipend Næringsteft då under namnet Green Cycle. No har dei endra namn til Nordi Ocean på bakgrunn av selskapets marknadsstrategi. Vi har stor tru på dette prosjektet, seier dagleg leiar, Petter Marius Synnes. Dei har bestemt seg for kva type land- anleggsteknologi dei skal bruke på Gjøsund, og har ein avtale om bruk av areal på Nordnes Gruppen si tomt på Gjøsundet. Del av et industri område som kommunen ønsker skal bli ei framtidsretta «Nasjonal fiskerihamn». Vi har ein målsetnad at innan 2022 skal vi vere i gang med ein produksjon på 500 – 1000 tonn i året, seier Synnes.

Internasjonale aktørar

Byggesøknad til kommunen er sendt inn, og konsesjon med produksjon opp til 1000 tonn er send inn til Næring og Fiskeridepartementet. Konsesjonen håpar og trur dei skal vere på plass rett før- eller etter sommaren. Dei legg opp til ein produksjon i industriell målestokk, og nettopp dette har gjort at internasjonale aktørar har meldt si interesse. Vi har intensjonsavtaler med selskapa Firmenich og sjømateksportør Ocean Supreme. I tillegg har vi samarbeid med Innovasjon Norge med potensiale for tilskot på fire millionar kroner, seier Synnes. Firmenich er eit stort globalt konsern med kundar over heile verda, medan Ocean Supreme eksporterer laks til over 20 land til ein verdi over 1. milliard kroner.

Ocean Supreme har stilt spørsmålet kvifor ikkje norsk tare kan kome inn i det asiatiske kjøkenet, når den norske laksen kan det. Den marknadsadgangen dei har i desse landa er sjølvsagt interessant for oss, seier Synnes.

Milliardindustri

Marknaden for tare er i all hovudsak Asia, men den er veksande i Europa og Amerika. Fleire har spådd dette kan bli ein milliardindustri for Noreg i framtida. Det er sagt at ti prosent av Asias daglege kosthald er dekt av tare og algeprodukt. Det bur 4,5 milliardar menneske der borte, så potensialet er stort. Vi ser at havet i framtida vil ha vesentleg større betydning for verdas matproduksjon. Noko vi ønskjer å ta del i med vår lokale tilhøyrsle her i Giske kommune. Her er vi forankra i fleire av FNs berekraftmål i vår forretningsstrate- gi, som mellom anna mål 12 – ansvarleg forbruk og produksjon, og mål 14 – liv under vann, seier Synnes.

Sjøvatn på Gjøsund havn

Synnes og selskapet Nordi Ocean har behov for reint næringsrikt sjøvatn. Dei meiner om Gjøsund havn skal titulere seg som framtidsretta «Nasjonal fiskerihamn», og trekke til seg ny industri innan sjømat og fiskeindustrien bør fleire gå saman, eller at kommunen stil- ler opp og lager eit offentleg eigd anlegg snarast, med kjeldebeskyttelse av denne. Vår etablering ved Gjøsund hamn har behov for reint næringsrikt sjøvatn snarast, og vi har fått krav om dette i vår konsesjonssøknad. Vi meiner vi må sjå dette i eit større perspektiv og dimensjonere sjøvassforsyninga til eit felles anlegg som kan kome ny og eksisterande industri til gode frå dag ein, seier Synnes. Han meiner det er lite berekraftig å lande råstoff i Norge, og auke foredling og auka bruk av restråstoff frå fiskeri- og havbrukssektoren, om ein ikkje har kontroll eller kan dokumentere riktig sjøvasskvalitet. Dagens kundar etterspør sporbarheit og kjelde-dokumentasjon, seier Synnes.

Hente kapital

For å klare å nå målet om produksjon om 1000 tonn av havsalat, har prosjektet ein fase 2. Ved bruk av slam frå oppdrettsnæringa skal dette dannast om til gjødsel til bruk i den landbaserte produksjonen. Møreforsking er med på laget. Dei kan hjelpe til med forsking på det næringsrike slammet, og gjere ei kartlegging med DNA-profiler av ulike alge- og tareartar. Investeringane som må til for å få det nye anlegget på fote er rundt 15 millionar kroner. At vi har fått med oss to internasjonale aktørar har også gjort at MRB har blitt trigga, og dei skal hjelpe oss med å skaffe den naudsynte kapitalen. Det er det vi jobbar med no, avsluttar Synnes.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse