Gå til innhold
Annonse

Sender fersk laks med båt frå Vestlandet til London

Container blir lasta ombord og skal fraktast frå Vestlandet til London innen 48 timer. Foto - Øyvind Sætre.
Container blir lasta ombord og skal fraktast frå Vestlandet til London innen 48 timer. Foto - Øyvind Sætre.

Mandag kveld sette MS «Vega Vela»​ for første gang kursen mot London frå Vestlandet. North Sea Container Line (NCL) sitt nye samband styrkar eksportnettverket for laks frå Vestlandet til Storbritannia, og tek med seg importvarer på returen til Noreg.

Annonse

Bremnes Seashore, med eksportselskapet Ocean Quality, er fyrste kunde som sender laks med ruta til London.

- Sendinga inneheld BÖMLO, Bremnes Seashore si merkevare for kvalitetslaks som me distribuerer til utvalde eksportmarknader i Europa og Asia. BÖMLO-merket består av fersk og frosen heil laks, samt ulike filetprodukt, melder selskapet i ei pressemelding. 

Bremnes Seashore slakta laksen på Bømlo måndag føremiddag, den blei henta med kjølecontainer måndag ettermiddag, lasta om bord på skipet måndag kveld, og er framme i London onsdag.

F.v. Håvard Apeland (NCL), Martin Torkelsen (NCL), Truls Ramsli (Ocean Quality) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore). Klikk for større bilete. Foto - Bremnes Seashore.
F.v. Håvard Apeland (NCL), Martin Torkelsen (NCL), Truls Ramsli (Ocean Quality) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore). Klikk for større bilete. Foto - Bremnes Seashore.

NCL har gjort avtale med Kjell Birkenes Transport om å frakta varene frå oppdrettsselskapa til utskipingshamna.

Selskapet påpeikar at frå laksen blir henta hjå produsenten på Vestlandet til den er levert til kunden i Storbritannia tek det om lag 48 timar, noko som er svært konkurransedyktig. Regjeringa ønskjer å flytta gods frå veg til sjø, og Kystverket har støtta etableringa med 25 mill. kroner. Med sambandet får laksenæringa for første gang eit reelt alternativ til vogntog for transport av laks til Storbritannia. London har i tillegg ei sentral rolle i transportnettet vidare ut i verda.

60 prosent reduksjon

Ein nøytral tredjepart, FreiXchange, har vurdert CO2-utsleppa for ruta. Dei kjem fram til at transport av laks frå Bømlo til London med ruta gir 60 prosent reduksjon samanlikna med ein topp moderne EUR 6-bil, med 20 % biodiesel. Dess meir laks som blir frakta med skipet, dess betre vil kalkulasjonen bli - sidan skipet sine utslepp då blir fordelt på fleire containerar.

- Det er en stolt dag for North Sea Container Line at vi er tilbydaren som lykkast med å frakte fersk laks sjøvegen. Vi har saman med eksisterande og potensielle kundar innan industri, sjømat og konsumvarer analysert eksport- og importgods mellom norskekysten og UK. Resultatet viser seg no ved oppstart av ei ny  containerline kvar veke frå Vestlandet til London. NCL har fått stønad frå Kystverket for å flytte akkurat laks frå veg til sjø, dette beviser at samarbeid mellom leverandør, kunde og myndigheiter er mogleg for å få det til, seier Bente Hetland, Managing Director i NCL.

- Fersk BÖMLO-laks som skal til kvalitetsbevisste kundar i Storbritannia har det travelt. Med den nye sjøruta når me marknaden i Storbritannia raskt og effektivt. Fisken blir foredla ved slakteriet på Bømlo, og for oss er det ideelt at ruta går direkte frå Sunnhordland, fortel Truls Ramsli, Logistics Manager i Ocean Quality

- Norsk laks er mat med låge klimagassutslepp. Me må likevel bli mykje betre, og transport utgjer ein stor del av utsleppa. Ved å flytta laksen frå veg til sjø reduserer me transportutsleppa med heile 60 prosent. No tek me fyrste steg, og me har ambisjonar om å frakta meir fisk sjøvegen framover, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore.

F.v. Håvard Apeland (NCL), Martin Torkelsen (NCL), Truls Ramsli (Ocean Quality) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore). Foto - Bremnes Seashore.
F.v. Håvard Apeland (NCL), Martin Torkelsen (NCL), Truls Ramsli (Ocean Quality) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore). Foto - Bremnes Seashore.
Aistis Navikauskas lastar inn kassar med BÖMLO-laks i containeren som skal til England. Foto - Bremnes Seashore.
Aistis Navikauskas lastar inn kassar med BÖMLO-laks i containeren som skal til England. Foto - Bremnes Seashore.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse