Harald Tom Nesvik, fiskeriminister. foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Statsbudsjettet 2019: Nesten 10 milliardar til forsking og innovasjon

Regjeringa foreslår ei historisk satsing på nærare 10 milliardar kroner til forsking og innovasjon i 2019.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I 2019-budsjettet foreslår regjeringa å bruke meir enn 9,7 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon. Inkludert i denne summen er Skattefunn-ordninga (som gjer bedrifter som driv med forsking og utvikling skattefrådrag), og skatteinsentivordninga som gjer skattefrådrag ved langsiktige investeringar i oppstartsselskap (Kapitalfunn).

– Regjeringa har høge ambisjonar for dei havbaserte næringene, vi skal ha vekst og auka aktivitet langs kysten. Det er viktig for regjeringa å støtte dei havbedriftene som ønskjer å investere i forsking og utvikling. Gjennom ei slik felles satsing mellom myndigheitene og næringslivet skal Noreg bli best på hav, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP) i ei pressemelding fra Nærings og fiskeridepartementet (NFD).

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier at om ingen skapar verdiar, kan man heller ikkje finansiere velferda vår eller halde på arbeidsplassane våre.

- Nettopp derfor er regjeringa så oppteken av å auke løyvingane til næringsretta forsking og innovasjon, slik at bedriftene våre kan utvikle nye varer, tenester og løysingar. Vi har dobla satsinga på forsking og innovasjon i næringslivet sidan vi gikk i regjering i 2013. Det er 4,9 milliardar kroner meir enn for fem år sidan, og er ei historisk satsing, som vil bidra til eit grønare, smartare og meir nyskapande næringsliv, seier næringsministeren.

– Over 3 milliardar kroner av aukinga kjem som følgje av ein auka bruk av Skattefunn-ordninga blant norske bedrifter, legg han til.