Gå til innhold
Annonse
Ingrid Kassen er administrerende direktør i eksportselskapet Norwell AS. Foto: Norwell
Ingrid Kassen er administrerende direktør i eksportselskapet Norwell AS. Foto: Norwell

Eksportselskapet Norwell i Florø har lagt bak seg eit historisk sterkt første halvår. Dagleg leiar Ingrid Kassen trur på lønsemd for næringa også i tida framover, og ventar ikkje ein vekst som vil overstige etterspurnaden.

Annonse

Norwell feira 20 års jubileum i 2016, og heilt sidan 1996 har selskapet hatt som forretningside å ha ei kjerne av faste leverandørar blant oppdrettarane. Etter kvart har ei rekke lokaleigde lakseprodusentar kjøpt seg inn i selskapet. Ingrid Kassen fortel i ei sak publisert av Habrukspartner at selskapet har hatt ei god utvikling.

-Vi har levert gode resultat dei siste åra. Vi hadde i 2016 eit resultat på 23 millionar kroner, og ein driftsmargin på 1,5 %. Det er på høgde med dei beste i bransjen. Vi har omtrent same resultatet pr. 30.6.2017. Det gir ein driftsmargin på 2,4 %. Resultatet tilseier at mykje er gjort rett. Vårt mål er å ha nøgde kundar, men og nøgde oppdrettarar. Vi trur det løner seg, sjølv om det er vanskeleg. Og ingen av partane vil vel seie seg nøgde med prisen. Det er en del av gamet.

Rett produkt til rett pris

Mange i bransjen snakkar om å byggje merkevare, og ta ut betre prisar gjennom det. Likevel får ein ofte inntrykk av at det handlar mykje om pris ute i marknaden?

-Pris er viktig, mens suksessfaktoren ligg i å spele kvarandre gode, og å auke verdien på det produktet ein sel. Konseptet vårt er å ha nære relasjonar både med kundar og med leverandørar, avdekke kundane sine behov, og kjenne til kva som er mogleg å levere til ei kvar tid. Eller sagt på ein annan måte; skape forventingar, og å levere på det.

Ingrid Kassen har sjølv lang fartstid i næringa, ho kom til Norwell frå fiskefôrprodusenten EWOS. Ho er klar på at det er viktig å ha erfarne medarbeidarar med spisskompetanse i eksportleddet.

-Å vere eksportør i dagens turbulente marknad er ikkje for nybegynnerar. Vi har masse erfaring her på huset, og kjenner godt både spelarane og spelereglane. Det er ein fordel.

Ynskjer seg kravstore kundar

Norwell ynskjer å vere i den kvalitetsbevisste enden av marknaden. Der stiller kundane krav, ikkje berre til produktet, men og til produksjonsmetodar.

-Det har stor betydning kva kundemasse vi har. Vi jobbar med å finne dei beste kundane for oss. Det kan være dei best betalande kundane, dei kundane som er opptekne av å ha ei historie å fortelje, og dei kundane som spelar på kvalitet, og som skal ha fisk som er sertifisert med Global Gap- og ASC-standard. Men vi treng og kundar som tek unna fisk som ikkje stettar dei krava. Vi har faste leverandørar, og kjøper den fisken dei produserer. Sjølv om det er gode oppdrettarar med stabil produksjon, vil det alltid vere ukurans i forhold til optimal storleik og kvalitetsspesifikasjon, og framleis er ikkje alle sertifiserte. Å serve dei best betalande kundane stiller store krav til oss som eksportør, til pakkeri og til oppdrettar. Vi har som målsetjing å kunne levere på desse krava. Godt samarbeid og forståing for kvarandre sine utfordringar er ein føresetnad for å lukkast med dette.

Ikkje sterk vekst med det første

Regjeringa er i ferd med å rulle ut det nye trafikklys-systemet for produksjonsregulering i laksenæringa. Ingrid Kassen trur ikkje det vil gje sterk vekst dei næraste åra. Ho trur at forståinga mellom styresmakter, samfunn og næring må bli betre før ein kan sjå ei sterk utvikling i lakseproduksjonen.

– Eg trur ikkje vi får vekst i Norge før FN sine bærekraftsmål blir det grunnleggande, og at folk flest får tillit til at havbruksnæringa driv i tråd med desse. Sjømat Norge har laga eit dokument som inneheld 6 klare målsetnader for havbruksnæringa. Det er gode levereglar som er naudsynte å følge. Det handlar ikkje om kor vidt eit oppdrettsanlegg skjemmer for utsikta til hytteeigarar, det handlar om å auke verdas matvareproduksjon. Og at vi har eit ansvar her. Det handlar om å finne den fornuftige balansen mellom miljømessig, sosial og økonomisk bærekraft.

Også andre lakseproduserande land ynskjer å ta sin del av den sterke etterspurnaden. Men Norwell-sjefen er ikkje nervøs for konkurransen, det vere seg frå Chile eller landbasert oppdrett andre stader i verda.

-Vi driv i ein bransje som er svært uføreseieleg. Marknadar kjem og går, rammevilkåra våre er påverka av verdsøkonomien og politiske sanksjoner og hendingar. Eg tenkjer då på utestenginga frå Russland, Kina osb. Endring i produksjonen i Chile er berre ein av fleire faktorar. Eg frykter difor ikkje vekst i Chile. Opning mot Kina kan vege opp for meir fisk frå Chile. Vi kjem nok til å få selt all fisken som blir produsert, men prisen blir regulatoren. Vi vil nok få store svingingar i prisen framover, men truleg vil det framleis vere god inntening i bransjen i fleire år. Forventingane til landbaserte anlegg er nok vel optimistiske, og eg har ikkje tru på ei produksjonsauke som overstige auka i etterspurnaden. Det er ei balanse i dette, det regulerer seg effektivt sjølv.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse