Even H. Søreide er er i gong med notvask i Middelhavet med Østerbø Yanmar notvaskar. Foto: Sordal Mediterranean Aqua Service.

Vestlandsselskap vann vaskekontrakt i Middelhavet

Avtalen som gjer at Sordal Mediterranean Aqua Service fekk vaskekontraket i sydlige strøk kom i stand i fjor høst, fortel dagleg leiar i Sordal Mediterranean Aqua Service, Even H. Søreide.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det er artig kva som kan komme ut av eit hyggeleg møte under havbruksmessa Aqua Nor i fjor, seier Even H. Søreide, dagleg leiar i Sordal Mediterranean Aqua Service.

Nokre månadar på etterskot grunna koronastengte grenser er dei no i gang med vasking av oppdrettsnøter hos havbrukskunde ved Middelhavet.

Full pakke og opplæring

Østerbø har levert full pakke som inkluderar vaskar, slangetrommel, eigenprodusert høgtrykkspumpe og spesialbygd styrekontainar. Kim Andre Eidé frå Østerbø deltok under oppstart på lokasjon for å sikre god igangkøyring og gi opplæring til mannskapet frå Sordal.

God erfaring innan havbruk

Even H. Søreide driv og Sordal Aqua Service som opererer i Noreg. Dei leverer tenester til havbruksnæringa langs kysten frå Trondheim i nord til Flekkefjord i sør.

- Erfaringane frå den norske marknaden gjer at vi no har stor tru på å lukkast i Middelhavet og, seier han.