FylkesordførerVJon Askeland. Foto: Therese Soltveit.

Vestland Fylkeskommune positiv til havbruk til havs

Vestland fylkeskommune stiller seg positiv til forslaget i høyringsutkastet frå Nærings- og fiskeridepartementet om å etablere ei ordning for havbruk til havs.

Publisert Sist oppdatert

Høyringsutkastet handlar om å legge til rette for havbruk til havs og korleis ein kan identifisere område og legge til rette for dette – utanfor dei produksjonsområda som eksisterer i dag. I tillegg skal det innførast eit nytt regime for løyve. Føremålet er å legge til rette for vekst i havbruksnæringa, men med strenge krav til berekraft og sameksistens mellom ulike næringar.

- Ordninga må vere berekraftig og miljømessig forsvarleg. Vestland fylkeskommune meiner at metodikken som skal nyttast for å identifisere og velje ut område for havbruk til havs vil kunne bidra til dette, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Han legg til at akvakultur til havs er ei ny næring som kan bli ein viktig del av satsing på havnæringane. Føresetnaden er at berekraft og miljø er ein sentralt premiss i alle stadium av produksjonen.

Ønsker å justere yttergrensene

Eit av innspela til høyringa frå Vestland fylkeskommune handlar om at yttergrensene for produksjonsområda må justerast. Dette for å hindre utveksling av lusesmitte mellom dei nye havbruksområda til havs og anlegga i områda som eksisterer langs kysten i dag.

- Produksjonsområda følgjer ikkje administrative grenser, men er basert på naturvitskaplege kriterium. Det er derfor viktig at inndelinga av produksjonsområda bygger på den til ei kvar tid beste kunnskap. Når det no skal etablerast eit eige konsesjonsregime for havbruk til havs, er det viktig at yttergrensene for produksjonsområda er egna til å fremme formåla med begge systema, seier Askeland.

Regionale interesser

Høyringsforslaget legg opp til ein grundig prosess for korleis havbruk til havs skal organiserast, men fylkeskommunen meiner at dei regionale interessene burde vore teke meir omsyn til. Dei foreslår at fylkeskommunane får ei forskriftsfesta rolle i tildelingsprosessen.

Vestland fylkeskommune peikar og på at marine næringsparkar kan vere ein god måte å dempe konfliktar mellom næringsaktørar som vil bruke same havareal, samt gi betre samarbeid og samhandling mellom ulike interesser til havs.

For meir informasjon, følg denne lenka og klikk på saksframlegget for sak PS 92/2022