Norges Jeger- og Fiskerforbund i Hordaland (NJFF)

Vil ha reinsing av alle utslepp frå smoltanlegg

Ei rekke smoltanlegg har ikkje krav til å reinse utsleppa sine. No er Jeger og Fiskarforbundet (NJFF) lei forureininga, melder NRK.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Smoltanlegga som stammar frå 80- og 90-talet har ikkje krav på seg om å reinsa utsleppa sine. Det reagerer NJFF på. Dei krev at styresmaktene skjerpar utsleppsløyva, for dei meiner utsleppa mellom anna held liv i rømd oppdrettsfisk.

Dei 16 største og nyaste anlegga i Hordaland har reinsekrav på seg, opplyser Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Det er dei som har ansvaret for å gi løyva.

– Dei 16 av 45 anlegga står for 78 prosent av den totale produksjonskapasiteten, fortel Tom N. Pedersen til NRK.

Fylkesmannen uttrykker til NRK at han ikkje vil krevja reinsing av dei gamle smoltanlegga.