Gå til innhold
Annonse

Statsbudsjettet: Vil styrke overvakinga av algeoppblomstringar

Algeoppblomstringa ramma oppdrettsnæringa i Nord-Norge. Bildet er tatt hos Mortenlaks under fiskeriminister Harald T. Nesvik sitt besøk i mai 2019. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Algeoppblomstringa ramma oppdrettsnæringa i Nord-Norge. Bildet er tatt hos Mortenlaks under fiskeriminister Harald T. Nesvik sitt besøk i mai 2019. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår blant annet å styrke overvakinga langs kysten med 10 millionar kroner i statsbudsjettet.

Annonse

Regjeringa si ambisjon for havpolitikken er at Noreg skal vere ein leiande havnasjon, og dette følgast opp i statsbudsjettet for 2020, skriv Regjeringa på sine sider.

I juni la regjeringa fram sin oppdaterte havstrategi, Blå moglegheiter. I strategien er tre områder trekt fram som særskilt viktige i regjeringa sitt vidare arbeid på hav: kompetanse og digitalisering, regional og lokal verdiskaping, og klima og grøn skipsfart. I statsbudsjettet for 2020 følger regjeringa opp ambisjonen om at Noreg skal vere ei leiande havnasjon.

Styrker overvåking

Regjeringa foreslår å styrkje overvakingsinnsatsen langs kysten med 10 millionar kroner. Vidare blir det foreslått å løyve 5 millionar kroner til auka innsats mot marin forsøpling.

Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik På plass på Atlanterhavsparken for å presentere regjeringens forslag til statsbudsjett for 2020. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik På plass på Atlanterhavsparken for å presentere regjeringens forslag til statsbudsjett for 2020. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

- For å vere i stand til å utnytte dei store moglegheitene for verdiskaping som ligg i havet og- kystområda våre treng vi meir kunnskap. Formålet er å auke beredskapen for å kunne bistå næringa med informasjon om til dømes algeoppblomstring, på eit tidleg tidspunkt. Regjeringa vil også bidra til at meir avfall i havet kan bli samla inn og levert vederlagsfritt i fleire hamner enn i dag, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP)

- Algekrisen ramma oppdrettarane, tilknytta næringsliv og lokalsamfunn i Nord-Norge hardt våren 2019. Det foreslås derfor å setje av 10 millioner kroner over Havforskningsinstituttets budsjett til å bygge opp eit nytt overvåkingssystem i kystsonen som blant annet skal kunne varsle algeoppblomstring, skriv Nesvik på Facebook.

Hav i bistandspolitikken

Regjeringa satsar på hav med ei styrking av arbeidet for hav og klima i bistandspolitikken. Målet med havsatsinga er ein meir berekraftig forvalting av havets ressursar, betre vern av marine økosystem og redusert marin forsøpling i utviklingsland.

Klima, miljø og hav er blant regjeringas hovedsatsingsområde for internasjonalt utviklingsarbeid. Regjeringa foreslår derfor å trappe opp havsatsinga med 100 millioner kroner til arbeidet med klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF).

Regjeringa følgjer og opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning ved å støtte kunnskapsinnhenting gjennom kystkartleggjing, forsking og kartleggjing i Arktis og Antarktis.

Grøn skipsfart

Budsjettet følger blant anna opp regjeringa si handlingsplan for grøn skipsfart, der målet er å bidra til at utsleppa frå innanriks skipsfart og fiske blir halverte innan 2030. I statsbudsjettet er innsatsen innan grøn skipsfart styrka med til saman 100 millionar kroner retta mot snøggbåtar og lasteskip. I tillegg til å gje nye moglegheiter for maritim næringsutvikling vil satsinga også være eit viktig tiltak innanfor klimapolitikken.

- Satsinga på grøn skipsfart gir kraft bak målet at klimautsleppa frå innanriks skipsfart og fiske skal halverast innan 2030, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

CO2-handtering

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg, gitt at det gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Eit CO2-lager i Nordsjøen er ein sentral del av denne satsinga. Regjeringa føreslår å sette av 215 millionar kroner i 2020 til industriaktøranes arbeid med prosjektet.

- Regjeringa har ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO2-handtering i Noreg under føresetning om at dette medføre teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Forslaget til statsbudsjett legg til rette for nødvendig framdrift fram mot investeringsvedtak, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

Ocean Space Laboratories

Regjeringa går vidare i arbeidet med å realisere Ocean Space Laboratories og foreslår 55 millionar kroner til forprosjektet. Forprosjekteringa av bygg og utstyr starter i 2020 og vil halde fram i 2021. Planen er å bygge forskingsbasseng, strøymingstank, energi- og konstruksjonslaboratorium og undervisningslaboratorium. I tillegg kjem eit fjordlaboratorium, med måleutstyr for studium av miljø og reiskap i sjøen utanfor Ålesund, Hitra/Frøya og Trondheimsfjorden. Laboratoria gjer havnæringane meir produktive gjennom teknologiutvikling og spreiing av kunnskap.

- Statsbudsjettet for 2020 bygger på at det er kunnskap og teknologi som støttar opp om vidare berekraftig jobb- og verdiskaping i havnæringane, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse