Mange leppefiskartar er populære som reinsefiskar i oppdrettsanlegg. Berggylta gir best betalt. Fotograf: Espen Bierud

Vil verne leppefiskhannane

HI rår til både minste- og maksimalmål for fleire av leppefiskane i eit råd for neste års leppefiskeri. Det skal hindre «kjønnskvotering» i fangsten, særleg av berggylte.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Berggylta er fødd som hoe og blir kjønnsmoden på rundt 22 centimeters lengd. På 34 centimeter skiftar ho kjønn til hann.

– Når minstemålet i dag er 14 centimeter, vil mykje fisk bli hausta før den er kjønnsmoden, og i andre omgang før den rekk å skifte kjønn. Berggylta blir svært gammal og veks seint, fortel havforskar Kim Halvorsen ved Havforskningsinstituttet i ei sak på heimesida deira.

I leppefiskverda er hannane viktige, ikkje berre fordi dei bidrar med sperma, men hos fleire artar er det også hannane som bygger reir og vaktar egga.

Vil ha minste- og maksimalmål

Dagens kvote på leppefisk (18 millionar individ) tar ikkje omsyn til art. Berggylta er den arten med høgast økonomisk verdi. Dette gjer ho utsett for målretta fiskeri.

HI føreslår fleire tiltak til Fiskeridirektoratet for å verne om særleg berggyltebestanden. 

– Vi føreslår å auke minstemålet for berggylta til 22 centimeter, slik at hoene når kjønnsmoden alder. Samtidig rår vi til å innføre eit maksimalmål på 28 centimeter for å verne om hannane, seier Anne Berit Skiftesvik, bestandsansvarleg ved HI.

– Også dei største hoene med mest egg vil bli verna av dette.

Raudnebb/blåstål har liknande kjønnsskifte, og forskarane anbefaler maksimalmål også for denne arten.

Grøngyltehannen veks raskare enn hoa

Grøngylte skiftar ikkje kjønn, men hannane veks raskare enn hoene og blir seinare kjønnsmodne. Her føreslår forskarane anten eit maksimalmål på 17 centimeter, eller å sette opp minstemålet for å gi fleire hannar sjansen til å nå kjønnsmoden storleik.

For den langlivde bergnebben føreslår forskarane eit maksimalmål på 14 centimeter.

– Maksimalmål er godt eigna i leppefiskeriet. Fisken har høg overleving om han blir sleppt ut. I tillegg får fiskarane betalt per individ og ikkje vekt, fortel Anne Berit Skiftesvik.

Anbefalar smartare kvote

I rådet understrekar forskarane at HI ser på leppefiskkvota som ei føre-var-begrensing. Det er ikkje eit anslag for kor mykje som er berekraftig å fiske.
– Vi har endå ikkje gode nok data til å anslå kva bestandane toler av fiskeri, men pilene vi har for rekruttering og størrelsesfordeling peiker nedover, seier Kim Halvorsen.

Forskarane sitt klare råd for 2019 er at det blir gitt ei eiga kvote for den mest verdifulle berggylta, mot dagens ordning med felles kvote på fem artar. Med minste- og maksimalmål som føresetnad føreslår dei ei kvote på 80 prosent av mengda berggylte som blei fiska i år.

For grøngylte og bergnebb kan dei tilrå ei svak kvoteauke på rundt 10 prosent dersom anbefalinga om maksimalmål blir innført.

Dei siste artane er lite brukt som reinsefisk, og forskarane rår mot kvote for dei i det heile.

Les rådet

Bestilling av kunnskapsstøtte - leppefisk Forberedelse til 2019-sesongen.