
Verdens mest moderande fôrflåte døypt i Saltkjelen
Det er ikkje kvar dag me har skipsdåp i Kvam, men på laurdag var det dåp av den nye fôrfåten til Lingalaks AS i Saltkjelen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det var Aud Linga som fekk den store æra av å døypa den nye fôrflåten som og er oppkalla etter henne og no ber navnet «Aud» Dette var ei stor æra for meg, seier ho, og vonar den nye fôrflåten vil tena selskapet godt i åra som kjem.
Fôrflåten har 6 store siloar med for til laksen. Fôringa er heilt automatisert og syt for at fisken får akkurat den mengda for den skal ha. I tillegg er flåten også stappfull av teknologiske verktøy som til dømes undervannskamera som overvåkar fisken 24 timar i døgnet.

Den nye fôrflåten representerer ei heilt ny tid for bedrifta, seier administrerande direktør Erlend Haugarvoll i Lingalaks AS i ei pressemelding. Det er ei stor investering for oss, men denne fôrflåten gjer dei ansatte ein sikker arbeidsplass samtidig som det gjer oss ein sikker og god plattform for fôring og overvåking av fisken. Vårt hovudmål er å produsera laks av ypperste kvalitet samtidig som me ivaretek både miljøet rundt oss, dei ansatte og ikkje minst helsa og veldferden til fisken, seier han engasjert.
Det var helsingar frå både Steinsvik AS ved prosjektleder Svein Ove Alvestad som rosa Lingalaks AS for no å ha den mest moderande fôrflåte i verda. Ordføraren i Kvam, Jostein Ljones la i si helsing vekt på kor viktig det er for Kvam kommune å ha seriøse aktørar som Lingalaks AS i kommunen, som bidreg med både stor verdiskaping og arbeidsplassar.
Etter sjølve dåpen var det festmiddag på Thon Hotell Sandven i Norheimsund, med talar og kultur- innsalg, etter kva avisa erfarer vart også kveldsarrangemenet svært vellukka.