Frå då reiarane henta nyebåten "SAS Orion"frå FMV, Foto: Servicebåt.

Dobbeldåp for Servicebåt AS

Servicebåt AS skal døype nybygga SAS Virgo og SAS Orion, i Austevoll fyrstkommande laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Båtane er bygd hjå Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) og er allereie i arbeid med spyling av nøter og anna serviceaktivitet for havbruksnæringa.

På under eitt år har reiarlaget satt fire fartøy i sving, og har sidan oppstarten av selskapet i november i fjor hatt servicefartøya MS Malin og MS Tørres innleigd på chart.

Les også: Tror på multifunksjonelle fartøy – utvider stadig bedriften

Selskapet har tidlegare påpeika at sjølv om det har vist seg utfordrande å få på plass langsiktige avtalar med oppdrettskundane er alle fartøya i drift.

Selskapet inviterer no på Facebook alle interesserte til dåp av fartøya samt kake, kaffe og drikke til store og små i Gallertiet ved Bekkjarvik Gjestgiveri etter den formelle seremonien på kaien.

Dåpen finn stad laurdag, tredje desember kl 1300 i Bekkjarvik, indre hamn, og etter dåpen vert det ifølgje selskapet høve til å komma ombord i båtane for visning og ein båtprat.

Reiarane bak selskapet består av Magne Hatlevik (styremedlem), Ståle Kenneth Torsvik (daglig leder og styremedlem) og Mons Ove Hauge (styreleiar).

SAS Virgo og SAS Orion er dei nye fartøya til selskapet. Foto: Servicebåt AS.