Eit målretta avlsarbeid mot lus vil gradvis redusere luseproblemet, og på lang sikt gjere at kontrollerande eller reduserande tiltak mot lus vert unntaket snarare enn regelen. Foto: Bjarne Gjerde.

- Avl kan gjere lusetiltak nær overflødig

- Hos laks er det påvist stor genetisk variasjon i motstandskraft mot lus. Eit målretta avlsarbeid mot lus vil gradvis redusere luseproblemet, og på lang sikt gjere at kontrollerande eller reduserande tiltak mot lus vert unntaket snarare enn regelen. Og det kan vere milliarder av kroner å spare.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv seniorforskar Bjarne Gjerde i ein artikkel i Norsk Fiskeoppdrett.

Han meiner at for å nå ein slik visjon i løpet av ikkje alt for mange år må det i avlsarbeidet leggast relativ stor vekt på eigenskapen motstandskraft mot lus i avlskjernen.

Gjerde definerer avl mot lus som eit langsiktig førebyggande tiltak mot lus. Andre førebyggande tiltak er fôr, skjørt og snorkel utan ferskvasslokk.

- Desse andre førebyggande tiltaka og alle kontrollerande og reduserande tiltak mot lus har ein relativ kortsiktig verknad, og med ein betydeleg årleg kostnad ettersom ingen av desse tiltaka løyser luseproblemet på lang sikt. Den menneskelege belastinga ved å stadig måtte sete inn eit eller fleire av desse tiltaka må heller ikkje sjåast bort ifrå, skriv Gjerde.

Hos laks er det gjort mange forsøk der ein har talt lus på ulike familiegrupper i både felt- og kontrollerte smittetestar. I nokre av desse testane har ein talt både fastsittande, bevegelege og vaksne lus.

- I feltforsøk har ein jamt over funne lågare arvegrader for tal lus per fisk enn i kontrollerte smittetestar, truleg på grunn av eit vesentleg større tal lus per fisk i smittetestane. I smittetestar er arvegrada for tal lus per fisk funnen å vere om lag 0.20, men i enkelte testar vesentleg lågare (om lag 0.10), skriv han.

Samstundes legg seniorforskaren til at fordi variasjonen mellom fisk i tal lus per fisk er svært stor, for eksempel to til tre gongar større enn for eigenskapen tilvekst, er den arvelege variasjonen for eigenskapen stor sjølv om arvegraden skulle vere låg.

- Potensialet er difor stort for at ein gjennom avl over tid kan utvikle ein laks som ikkje lusa vil trivast på.

I artikkelen bekriv han også kor raskt dette kan gå og kva som må til.

Vidare peiker han på at med dagens kostnader med lus på over 5 milliardar kroner årleg, kan dette reduserast til 10-15 millionar per år om det satsast på avl mot lus.