Alex Vassbotten sitt selskap gjer det godt i år også, sjølv om resultatet har en nedgong frå i fjor. Foto: Steinvik Fiskefarm.

- Me putle no pao dao

Steinvik Fiskefarm AS gjer eit godt resultat i 2017, tross nedgang i resultat. – Me putle no pao dao, seier dagleg leiar Alex Vassbotten, om utviklinga av selskapet vidare. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Steinvik Fiskefarm AS driv med både produksjon av laks og aure i Flora og Askvoll kommune. Omsetninga i selskapet har ein nedgong på 60 mill frå 478 mill. i 2016 til 418 mill. i 2017. Driftsresultat hadde også ein nedgang og gjekk frå 181,2 millionar til 134,9 millionar kroner i 2017.

Nøkkeltall for 2016 og 2017:

PD-utbrot prega resultatet

Årsresultatet etter skatt vart 114,8 millionar, ein nedgang på 22,9 millionar frå 2016.

Dagleg leiar Alex Vassbotten, som for tida er på ferie i Frankrike, seier til Kyst.no at resultatet er det same som mange oppdretterar dette året, der man har ein nedgang i resultat frå året før.  

-  Resultatet vårt vart prega av at me fekk PD på eit av anlegga våre, som gjorde at me måtte slakta ut fisken tidlegare enn ynskja. Me får dermed ikkje det volumet som me hadde planlagt. I tillegg var det lågare lakseprisar i 2017 enn året før, fortel han. 

Steinvik-konsernet arrangerte i mai open dag på visningssenteret deira og hadde som vanleg godt oppmøte, og serverte mykje laks til både unge og vaksne. Dei hadde også denne dagen dåp av den splitter nye arbeidsbåten Bruvær .Foto: Steinvik Fiskefarm.

Vassbotten påpeikar at resultatet kunne vore betre.

- Me er jo nøgd, men ein ting er jo nedgang i prisen, men dersom biologien er veldig bra, vil jo også økonomien verte det same, seier Vassbotten, og påpeikar at god biologi er alfa og omega for dei. 

Elles seier Vassbotten på flott dialekt “me putle no pao dao”. 

Investeringar gjort i 2017 var på 3,6 millionar kroner. Ved årets utgang hadde selskapet ein totalkapital på 324 millionar kroner, ein nedgang frå 376 millionar året før. 

Selskapets styre ser positivt på utviklinga framover.

Teksten fortsett under. 

Manglar entreprenør

Steinvik Fiskefarm har planar om større smolt på 300 gram og ein dobling av rensefiskkapasiteten. Konsernet skal difor byggje eit nytt anlegg som skal både være egna til rensefiskproduksjon og påvekstanlegg for storsmolt i Svelgen. Byggjestart for det nye anlegget er satt til hausten 2018, og vil ta opptil to år. ​Les meir om dette her. 

Vassbotten seier til Kyst.no at dei har møtt på ei utfordring når det gjeld arbeidet, ettersom hovudentreprenøren vart slått konkurs nyleg. 

- Men me stressar ikkje med saka, bygginga skal gå som planlagt i haust. Etter sommaren vil me ha ein ny anbodsrunde og me trykker nok på knappen ein gong ut på hausten, så snart ein ny entreprenør er på plass, fortel han. 

Underleverandørane fortel han er dei same som tidlegare. 

- Må ned seks prosent

Vassbotten påpeikar at dei til neste år vil få nokre utfordringar med tanke på at dei ligg i raud trafikklys-sona, og må difor redusera produksjonen med 6 %, som betyr ein reduksjon på 600 tonn. 

- Me er sjølvsagt ikkje glad for at me ikkje får vekst, og må redusera produksjonen vår. Det er ikkje noko særleg bra at me må redusere i vår region, mens andre får veksa og kjøpe seg vekst, fortel Steinvik-sjefen. 

Alex Vassbotten seier han er nøgd med utviklinga av rognkjeksproduksjonen til konsernet. Foto: Therese Soltveit.

Reinsefisk

Konsernet si reinsefisk satsing seier han går på fram, og påpeiker at dei stadig får betre resultat ved bruk av rognkjeks. 

- Me jobbar stadig med å få rognkjeksen til å bli ein effektiv lusebeitar, og me er nøgde med utviklinga så langt, seier han, men påpeikar at det er eit arbeid som tar tid og ikkje er 100 % enda.  

Solid utbytte

2,1 millionar kroner er satt av til konsernbidrag og 12,6 millioner er avsatt til anna egenkapital. Samla positiv kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar var på 137,6 millionar kroner.

Aksjonær Bru Eigedom AS tar eit utbytte på 100 millionar kroner, som går til å finansiera utbyggingar i selskapet. 

Dei tilsette i selskapet har fått ein god bonus, og Vassbotten seier han håpar dei er nøgde med den. 

Ved slutten av 2017 hadde hadde selskapet 25 tilsette. l selskapet er det tilsett 21 menn og 4 kvinner. l styret er det 4 menn. Det er ikkje registrert nokre arbeidsuhell i selskapet. 

Barlindbotn Settefisk har utvida anlegget sitt og kan produsera to millionar smolt i året. Foto: Barlindbotn Settefisk.

Øk resultat for settefisk-selskapet 

Steinvik-konsernet eig også settefisk selskapet Barlingbotn Settefisk og dette selskapet gjer det også godt ifølge Vassbotten, og påpeiker at dei brukar all settefisken sjølv, og selskapet konsentrera seg om å levera best mogleg laks og aure for matfisklokalitetane deira. 

- Smolten er på alt frå 110 gram til 200 gram og produksjonen går godt, seier han. 

Barlindbotn Settefisk vart stifta i 1988 og ligg i Barlindbotn, innerst i Eikefjorden, i Flora kommune. Dagleg leiar er  Reidar Haugen, og omsetninga til selskapet var i 2017 34,2 millionar kroner, sett mot 28 millionar kroner i 2016. Driftsresultatet enda på 6,3 millionar kroner i fjor, sett mot 1,4 millionar i 2016. 

Nøkkeltall:

Totalt har Barlindbotn Settefisk to løyver, som betyr dei har lov å produsera to millionar smolt. På anlegget jobbar det til dagleg fem tilsette. 

Det landbaserte anlegget er eit tradisjonelt settefiskanlegg for produksjon av yngel og settefisk av laks og aure. Settefiskanlegget vart stifta med Bru Fiskeoppdrett og Steinvik Fiskefarm som aksjonærar. I 2014 tok Steinvik-gruppa over drifta for heile selskapet og fekk dermed tilgong på all produksjonen der ifrå.