
Skal gjere lukka teknologi meir tilgjengeleg
Bauta Fishfarms har signert kontrakt på bygging av første lukka merd av designet VARIG. Kunden er OceanDock, som leiger merden ut til oppdrettaren Prophylaxia.
I mars i år lanserte Bauta Fishfarms den lukka merden VARIG. Merden er designa i stål og skal byggjast i Møre og Romsdal.
No fortel selskapet i ei pressemelding at fyste kontrakt er signert gjennom ein forretningsmodell som tar ned investeringskosten for oppdrettarane.
Eit trespann med Bauta Group, Rofisk og Prophylaxia går saman og startar selskapet OceanDock som skal eige og leie ut lukka merdar. Alle tre er frå før av medeigarar i Bauta Fishfarms og har fleire roller i verdikjeda.
– Det har vore viktig for oss å gå inn i dette som likeverdige partnarar for å realisere det vi meiner er framtida for norsk havbruk. Her skal vi i tett samarbeid byggje opp eit nytt industrieventyr. I gruppa så har ei ein unik kompetanse på stålbygging, handtering av levande fisk og lukka oppdrett som gjer at vi har steintrua på at dette skal lukkast, seier styreleiar og Bauta-gründer John Arve Sundet.
Kan ta ned kostnaden

Forretningsmodellen minner om eit reiarlag, der ein leier ut merdar til oppdrettarar for å ta ned investeringskostnaden, som for lukka teknologi er høgare enn for open drift.
– Vi i Rofisk vil vere med å utvikle havbruksnæringa vidare. Denne satsinga er eit døme på korleis norskeigde bedrifter går i lag og byggjer arbeidsplassar og samfunn med nye investeringar. Vi trur mange i havbruksnæringa kan få stor glede av det produktet vi nå har fått utvikla, meiner Glen Bradley i Rofisk.
På pilotprosjektet er det Prophylaxia sjølv som er kunden. Dei har frå før av god erfaring med lukka produksjon av postsmolt og meiner dette er vegen framover.

– Vår erfaring med postsmolt i lukka teknologi både på land og i sjø viser oss at dette er ein ekstremt effektiv produksjonsmåte i kombinasjon med open merddrift. Drift i lukka merdar kortar ned tida i sjøen laksen er eksponert mot lakselus og gir laksen optimale vekstforhold og god fiskevelferd gjennom heile produksjonen, seier Øyvind Våge i Prophylaxia
– Vi har over tid vore med i Bauta Fishfarms og utviklinga av designet til der vi er no, då er det naturleg for oss å vere fyst ute med å sette det i drift.
Opsjon på 10 til
Kontrakten inneber også ein opsjon på levering av ytterlegare 10 merdar. Bauta Fishfarms har eit robust apparat i ryggen og kan levere 30 lukka merdar i året. Pilotprosjektet skal settast i drift i 2026.
Dagleg leiar i Bauta Fishfarms, Gjermund Kvernmo Langset har stor tru på framtida.
– Havbruksmeldinga set ei tydeleg retning for framtidig utvikling i havbruksnæringa, det må alle ta inn over seg. Og så må teknologi som kan levere på det som blir etterspurt gjerast tilgjengeleg for oppdrettarane på ein god måte, fortel Langset.
– Det gjer vi no gjennom dette samarbeidet, vi gler oss til å komme i gang!
