Birger Linga vart heidra med Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje for lang og tru teneste Her saman med administrerande direktør i Lingalaks AS, Erlend Haugarvoll.

Fekk medalje for lang og tru teneste

Birger Linga er tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje for lang og tru teneste. 

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Birger Linga vart heidra med Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje for lang og tru teneste under ei markering på Sandven Thon Hotell nyleg.

- Kvelden var flott, med eit veldig fint opplegg. Nydelig middag og hyggeleg tale frå Erlend Haugarvoll, seier Birger Linga

Haugarvoll er administrerande direktør i Lingalaks AS og synes det er viktig å markera jubilantar, og hyggeleg å dele ut utmerkelser til erfarne og dyktige folk. Birger jobba meir enn 30 år hjå oss, og han har på mange måtar opplevd heile den eventyrlige utviklinga i havbruksnæringa.

I Lingalaks AS har me ein trufast gjeng som jobbar, med lang erfaring frå havbruksnæringa. Me trur også det viser at Lingalaks AS er ein fin plass å væra, og det er me stolt og audmjuke for, seier han.

Birger Linga starta i selskapet i 1985, og har fått med seg svært mykje opp gjennom åra.

- Å jobba med havbruk er både utfordrande, givande og variert. Utviklinga har også vore enormt stor i dei åra eg har jobba her, spesielt knytt til teknologi og utstyr. Eg synes det er ein flott arbeidsplass, seier han.

Det Kongelige Selskap for Norges Vel deler ut medalje til arbeidstakarar som har vore tilsett i same selskap i over 30 år.