Einar Eide, administrerande direktør seier til Kyst.no at dei ynskjer å etablere ein ny lokalitet i Kvinnherad. Dette meiner han skaper nye arbeidsplasser og sikrer arbeidsplasser dei allereie har på land. Foto: Bremnes Seashore.

Salmaprodusent søkjer ny lokalitet i Hardangerfjorden

Bremnes Seashore ynskjer å etablere ein ny lokalitet i Kvinnherad i ytre deler av Hardangerfjorden. Einar Eide seier dei ynskjer å sikre jamn og trygg produksjon for selskapet, samt skape fleire arbeidsplassar. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I eit brev frå Vestland fylkeskommune kjem det fram at Bremnes Seashore AS ynskjer å etablera eit anlegg for oppdrett av laks ved Ulveneset i Ølve, som ligg i Kvinnherad kommune.  

Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes, bekrefter ovenfor Kyst.no at dei har søkt om ny lokalitet. Søknaden som ligg til vurdering gjeld etablering av eit anlegg med ein maksimalt tillaten biomasse på 3600 tonn. Det planlagte anlegget skal ha 10 merder, kvar med ein omkrets på 200 m.

Kart over Ulveneset der Bremnes Seashore ynskjer å etablere lokalitet. Klikk for større bilete. Foto: Aqua Knowledge.

Ny lokalitet

Eide påpeikar at lokaliteten ligg i kommunen sitt avsatte akvakulturområde og har i lengre tid vore klarert for akvakultur og er i tråd med overordna arealplan.

- Me har stor tru på at me skal få løyve til å produsere fisk igjen i Kvinnherad. Me har tidlegare hatt ein lokalitet i kommunen, men kommungrensa er vorte flytta så den lokaliteten tilhøyre no Ullensvang kommune (tidligare Jondal Kommune). 

Området har tidligere vore brukt til fiskeoppdrett av blant anna Marine Harvest, men Eide påpeiker det har ikkje har vore noko produksjon der på mange år.

Eide forklarer at dei har søkt om å få etablere ein ny lokalitet for å sikre ein jamnare produksjon. 

- Bremnes Seashore har i per i dag ei svært ujamn fordeling mellom dei ulike utsettsonene, og treng difor auka kapasitet i sone med utsett vår-partalsår. Ein ny lokalitet ved Ulveneset vil bidra til å jamna ut situasjonen mellom dei fire utsettsonene, og betre situasjonen i utsettperioden vår-partalsår.

- Vår merkevare Salma og annen pakkeri- og foredlingsaktivitet gjer at ein jamn slaktesituasjon er særskild viktig for oss, noko som gjer at me ha særskild trong for denne lokaliteten, legg han til. 

Nye arbeidsplassar

Selskapet ynskjer også å skape fleire arbeidsplasser.

- Ved å få på plass ein ny lokalitet sikrer me arbeidsplasser på land, samt skaper nye på sjø. Det vert iallefall fem arbeidsplasser på lokaliteten, samtidig skaper me indirekte fleire jobber for selskap og industri i nærleiken.

I søknaden kjem det fram at ein ny lokalitet ved Ulveneset vil bidra til å jamna ut situasjonen for selskapet mellom dei fire utsettsonane, og betra situasjonen i utsettperioden vår-partallsår.

Bremnes Seashore søkjer om å få klarert areal for utlegging av eit plastringsanlegg som består av 10 ringar liggjande på to rekkjer side om side.

– Rammene som ringane er festa i vil vera 500 meter lang og 300 meter brei. Det vil vera om lag 100 meter mellom kvar rekkje med ringar. Fôrflåten vert plassert vest for medanlegget, mellom anlegget og land. Avstanden mellom fôrflåten og land vil vera om lag 300 meter, ifølgje søknaden.

Ulveneset har god avstand til eksisterande lokalitetar i området. Klikk for større bilete. Kartkjelde: Kystverket.

Få konsekvensar for miljø

Bremnes Seashore meiner etablering av lokaliteten ikkje kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn, og difor ikkje krev konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar. 

Selskapet påpeiker også at Ulveneset har god avstand til eksisterande lokalitetar.

Lokaliteten Brandaskuta ligg om lag 3,4 km mot sør-aust, Hågardsneset ligg 4,1 km mot sør-aust og Skorpo ligg 4,7 km sør-vest. Alle desse lokalitetane ligg på andre sida av Kvinnheradsfjorden. Lokaliteten Ystadneset ligg om lag 5 km mot sør-vest, på same sida av fjorden som Ulveneset.

Dei tre næraste anlegga ligg på den andre sida av fjorden. Hovudretninga til straumen i dette området er inn og ut av fjorden, og risiko for smitte av parasittar og fiskesjukdomar er difor relativ lav.

Ulveneset ligg i eit område som sidan juni 2017 har vore overvakingssone for ILA og er del av den nasjonale PD-sonen.

Ulveneset ligg i Ølve i Kvinnherad kommune. Klikk for større bilete. Foto: Bremnes Seashore.

Gode forhald

Prøveinnsamlinga om botnforhalda og miljø vart teke 13. november og 2. desember 2019. Deriblant sedimentprøver med ein grabb og det vart utført målinger i vasssøyla. Prøvane er analysert for kornstørrelse, totalt organisk materiale (TOM), totalt organisk karbon (TOC), totalt nitrogen (TN), kobber (Cu) og bunndyr. I tillegg vart det gjort målingar av surhetsgrad (pH) og redokspotensiale (Eh).

Det kjem fram at det vart vanskelege prøvetakingsforhold for grabb, med mye hard og skråande bortn. Målingane av surhetsgrad og redokspotensiale, samt dei sensoriske observasjonane på lokaliteten, gav samla beste tilstand «1» i henhald til NS 9410. Oksygeninnhaldet i botnvatnet låg i tilstandsklasse II «God». Les meir om dette i søknaden på kommunen si heimeside.

DNV GL utførte straumundersøkelser på lokaliteten i oktober-november 2019 og spredningsstraumen går mot sørvest.

Om Bremnes Seashore:

  • Bremnes Seashore har over 400 tilsette i åtte kommunar i Rogaland og Hordaland.
  • Produksjonen skjer i tre settefiskanlegg, 23 lokalitetar i sjø, og ved vår moderne fabrikk for pakking og foredling av laks i Bømlo kommune.
  • Lokalitetane ligg i produksjonsområda (PO) 2 og 3.