Lokalitets illustrasjon. Foto: Fremskridt Laks.
Lokalitets illustrasjon. Foto: Fremskridt Laks.

Fremskridt Laks ny aksjonær i Salmon Group

Fremskridt Laks AS på Bremnes i Sunnhordland sluttar seg til Salmon Group som ny aksjonær. 

Publisert

Verksemda har to løyve for oppdrett av laks som dei driv i Bømlo kommune. I tillegg er dei medeigar i setjefiskprodusenten Hardingsmolt, melder Salmon Group i en pressemelding.

Med dette tilskotet har Salmon Group no forhandlingsmakt på vegne av 117 matfiskkonsesjonar. Nettverket har hatt ein jamn og godt vekst sidan ein slo seg saman med den tilsvarande organisasjonen Havdyrkerne i 2011.

- Presset på dei lokalt baserte aktørane har blitt tydelegare dei seinare åra, fleire og fleire ser trongen for ei felles plattform å melde tilbake til styresmaktene gjennom. Samstundes har Salmon Group synt seg som ein stabil forhandlingspartnar, vi har sterke avtalar på dei viktigaste innsatsfaktorane i produksjonen, seier dagleg leiar i nettverket, Nils Inge Hitland.