Med verknad frå i dag er dagleg leiar i Salmon Brands, Emil Rognstad Østenfor, konstituert som kommersiell direktør

Ny organisering i Bremnes-konsernet

Hans Petter Berge har meldt frå til selskapet at han ønsker å trappe ned aktiviteten, men vil bidra aktivt i overgangen til ny samla leiing.

Sidan starten på 2021 har sals- og eksportselskapet Sjór vore heileigd av Bremnes Fryseri AS og ein integrert del av Bremnes Seashore-konsernet.

Salmon Brands står for sal og marknadsføring av SALMA i Noreg og utvalde eksportmarknader.

- Bremnes Seashore-konsernet arbeider for å styrke samhandlinga mellom dei ulike selskapa i konsernet, skriv selskapet i ei pressemelding.

Opprettar ny stilling

No opprettar dei stillinga som kommersiell direktør i konsernet. Kommersiell direktør skal leie salsselskapa Sjór og Salmon Brands, samtidig som stillinga er ansvarleg for utviklinga av sals- og marknadsstrategien deira.

- Salmon Brands og Sjór vil fortsette som sjølvstendige selskap, medan vi opprettar ei felles leiargruppe for marknadsarbeidet, skriv dei.

Med verknad frå i dag er dagleg leiar i Salmon Brands, Emil Rognstad Østenfor, konstituert som kommersiell direktør - frem til posisjonen er fylt permanent. Som del av dette fungerer Østenfor også som dagleg leiar i Sjór.

Hans Petter Berge har meldt frå til selskapet at han ønsker å trappe ned aktiviteten, men vil bidra aktivt i overgangen til ny samla leiing. Vi takkar Hans Petter for å ha leia overgangen frå Ocean Quality til Sjór og innlemminga av selskapet i Bremnes Seashore-konsernet på ein svært god måte.