Konseptet til Bulandet Miljøfisk, er basert på gjennomstrøm av sjøvatten. Illustrasjon: Zenith Systems AS

Slik vil dei revolusjonere landbasert lakseoppdrett

Bulandet Miljøfisk fekk nyleg tildelt fem landbaserte matfisk-løyver. Det gjennomgåande for teknologien er dess enklare den er, dess sikrare vert produksjonen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet fekk i slutten av september tildelt fem løyver for produksjon av laks og aure, i Askvoll kommune. Med løyvene fekk dei og utsleppsløyve med ei produksjonsramme på 5500 tonn fisk årleg.

Prosjektleiar Ola Sveen i  Bulandet Miljøfisk AS.

- Når ein har utfordringar i dagens oppdrettsnæring tenker eg det er riktig å tenkje nytt å finne nye løysingar. Oppdrett på sikt trur eg vil være en kombinasjon av tradisjonelle opne merdar, lukka merdar i sjø og lukka anlegg på land, fortel prosjektleiar Ola Sveen om noko av bakgrunnen for prosjektet.

Med eigenutvikla konsept er landbasert oppdrett etter Bulandet-modellen basert på gjennomstrømming av reint sjøvatn. Sjølve systemet vert bygd ned i grunnen under havnivå.

- Me jobbar med finansieringa no. Delar av den er på plass,  men me ser litt på kven me vil ha med. Finansieringa er det som tar tida vår no, samstundes som me jobbar parallelt med dei tekniske løysingane. Det er mykje som må planleggast når ein skal få opp eit anlegg. Sjølv om prinsippet er enkelt, er det snakk store dimensjoner, og det må gjennomførast på rett måte med tanke på kostnad og effektivitet.

Sett saman velutprøvde løysingar

Han legg til at designet av anlegget legg til grunn at det skal være så enkelt og driftssikkert som mogleg.

- Me har i hovudsak valt teknologiske løysingar som er godt  utprøvd i tradisjonelle settefiskanlegg. Me har tru på at gjer ein det enkelt, gjer ein det sikrare og, fortel han

Anlegget vert bygd cirka seks til sju meter ned i grunnen, for å minske på løftehøgden på vatnet.

- Størrelsen på kara er og store. Ein treng volum ein når ein skal produsere matfisk. Dette betyr at store mengder vatn skal gjennom anlegget. Det som vil være nokre av nøkkelfaktorane for at me skal lukkast då me må transportere store mengder vatn, er rett pumpeteknologi. Og å dimensjonere røyrsystema riktig, fortel han.

I produksjonen skal dei halde kontant vasstand i kara, og pumper vil justere dette kontinuerleg.

-  Me skal ha UV- filter på ein del av kara, men brukar ikkje partikkelfilter. Vatnet som me skal ta inn frå 25 meter på nordsida av Bulandet er reint, og skal ein filtrere så myke vatn er det er stort kapittel, legg han til.

Sprenger seg ned i grunnen

Hans Haddal, Oddmund Storesund (i midten), og grunneigar Ann-Margrethe Grepstad på tomta. Foto: Bulandet Miljøfisk.

For å få på plass anlegget må dei sprenge ut ein del masse i fjellet. Noko av anlegget vert dimensjonert for postsmolt og delar for tradisjonell smolt.

- Me vil starte med å setje inn ordinær smolt, og har då seinare moglegheiter for å setje til å sette inn postsmolt på opptil eitt kilo.

I første omgang vil dei kjøpe smolt, og så fort det er mogleg vil dei få på plass avtalar med lokale smoltprodusentar.

Landbasert erfaring

Bulandet Miljøfisk har tidlegare opplyst at dei har tatt i brukt både erfaringer fra matfisk- og settefiskanlegg for å utvikle konseptet. Sveen fortel han har jobba med lukka anlegg før, mellom anna i Frankrike på 90- talet.

- Det var eit av dei få lukka anlegga som fantes på den tida , og eg har jobba med både lukka anlegg i sjø og på land. Frå tidlegare veit ein at å løfte vatnet er dyrt, og eg tenkte at å legge det ned i grunn ville være den beste løysinga.

Og allereie på 90-talet klarte ein å produsere fin fisk på land, ifølgje prosjektleiaren.

- Eg har sidan då difor  hatt interesse for å produsere fisk på land, då eg såg  kor fin fisken blei. Eg tenkte og skal ein gjere dette her heime og på Bulandet, må det bli på land. Når jeg såg lokaliteten, passe denne godt til ein slik produksjon. legg han til.

Fisk til neste år

Og det er stor interesse for prosjektet, ifølgje Sveen.

- Finansieringa skal me difor få til, så håpar me på fisk i kara seint neste haust eller tidleg vår 19.

Utbygginga av anlegget vil starte opp så snart den nødvendige finansieringsplanen er på plass. Sjølve utbyggingsperioden vil ifølgje selskapet ta cirka åtte månader. Etter dette vil produksjonen i anlegget bli bygd opp over tre år. Fullt utbygd vil anlegget skape 8-10 kompetansearbeidsplassar lokalt.

Oversikt over anlegget, slik det vert sjåande ut frå lufta. Foto: Bulandet Miljøfisk AS.