Inseanergy og Hofseth har sidan 2020 vore i gang med å teste flytande solcelleteknologi med gjenbruk av flyteringar ifrå utrangerte oppdrettsmerder ved Hofseth Aqua sitt oppdrettsanlegg ved Opshaugvik i Stranda kommune. Foto: Inseanergy

- Stort potensial i sjølvforsynt energi til havbruk

Det kan vere eit stort marknadspotensial i Noreg og internasjonalt i å bygge sjølvforsynte, nullutslepps energianlegg til havbruksnæringa basert på gjenbruk av utrangerte oppdrettsanlegg.

Publisert Sist oppdatert

Det viser eit forskings- og utviklingsprosjekt, kalt  «Forprosjekt nullutslepp 2025 i Storfjorden», som er utført i eit samarbeid mellom Hofseth Aqua, Inseanergy, Maritime Partner og Doxacom.

I ei pressemelding frå gruppen skriv dei vidare at store stålmerdkonstruksjonar og flyteringar som skal bytast ut kan tene som flytande energi-øyer for å produsere kortreist fornybar energi – både til oppdrett, båtar og anlegg på land.

- Teknologien modnast raskt, men skal ein kome raskt i gang med det grøne skiftet krevjar det draghjelp ifrå virkemiddelapparatet.  

Prosjektet har vore leia av Doxacom, og er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom regionale utviklingsmidlar. Norconsult har utført energianalyse basert på lokale sol- og vindforhold på vegne av partnarane.​ 

Dei skriv vidare at dei trur mykje av veksten i Noreg og internasjonalt truleg vil skje i lukka anlegg i sjøen og i lukka anlegg på land.

- Desse vil ha store energibehov, særleg k nytt til pumpeteknologi for filtrering- og sirkulasjon av vatnet, og gjer det ekstra interessant å vurdere kortreist energi.

Forprosjektet har brukt Storfjorden og oppdrettsanlegga til Hofseth Aqua som eksempel. I tillegg til å sjå på moglegheitene i Storfjorden har prosjektet belyst moglegheitene for å forsyne Hofseth BioCare sin fabrikk i Midsund med kortreist grøn energi.

Konseptillustrasjon ifrå «Forprosjekt nullutslepp 2025 i Storfjorden»: Partnarskapet har utgreidd muligheita og realiseringspotensialet i å installere flytande kraftproduksjons-øyer - eller «Power Islands» - for å forsyne ureist eller kortreist energi til oppdrettsanlegg, maritime logistikkoperasjonar knytt til oppdrettsnæringa, og overskotskraft til nettet på land.

Knut Eilert Røsvik, som er prosjektdirektør i Hofseth, seier i meldinga at forprosjektet er ei moglegheitstudie, og at det i dag ikkje ligg føre konkrete planar om å etablere flytande energiproduksjon verken i Storfjorden eller i Midsund. Unntaket er eit pilotanlegg som er under utprøving i Opshaugvik.

Flytande energi-øyer

Hofseth Aqua har i dag fem oppdrettsanlegg i stål i Storfjorden, kvar av dei 250 meter lange og 50 meter breie. Til saman har dei eit areal tilsvarande meir enn 12 fotballbaner og hver av de fem stålanlegga har ei stålvekt på nærare 4000 tonn.

Desse stålmerdene vil etterkvart bli erstatta av andre typar merder, men samstundes har dei ei restlevetid på fleire tiår.

- Dei kan difor tene som solide plattformar for flytande energi-øyer som produserer kortreist fornybar energi – truleg tilstrekkeleg til å forsyne straumforbrukarar både på sjøen og på land.  

- Med eit stort overflateareal såg vi raskt at desse stålmerdene kan nyttast til energiproduksjon - primært ifrå solenergi, seier Jan Erik Våge Klepp, administrerande direktør i Inseanergy.

Andre fornybare energikjelder som vind- og bølgekraft vart også vurdert i innleiinga, men vart etter kvart konkludert som uaktuelle i dette prosjektet.

Inseanergy og Hofseth har sidan 2020 vore i gang med å teste flytande solcelleteknologi med gjenbruk av flyteringar ifrå utrangerte oppdrettsmerder ved Hofseth Aqua sitt oppdrettsanlegg ved Opshaugvik i Stranda kommune.

Han fortel at Inseanergy også ser på moglegheitene for lagring av solenergi i batteripakkar og eventuelt kombinere dette med grøn hydrogen og brenselceller.

- Det vil gjere det enklare å elektrifisere arbeidsbåtane til oppdrettsanlegga, legge til rette for etablering av lukka oppdrettsanlegg, og å elektrifisere skipsfarten i fjordane knytt til turisme.

Energiutveksling inn- og ut på nett

- Utfordringane ligg i at sjølv om teknologien no modnar raskt, er den i stor grad uprøvd i det flytande miljøet på fôrflåtar og havbrukslokalitetar, og næringa må derfor lære seg nye måtar å handtere ein annan type logistikk og dei nye rutinane det vil føre med seg, seier Våge Klepp.

Han meiner at om ein skal gå vidare med å realisere dette, bør eit sjølvforsynt energisystem koplast i hop med anlegg som allereie har kabeltilkopling og landstraum. Ein bør også ta høgde for å kunne fase inn nullutsleppsbåtar med batteri- og hydrogendrift.

- Skal ein kome vidare til ei realiseringsfase slik kostnadsnivået er no er ein avhengig av investeringsstøtte til å bygge slike flytande solcellekraftverk, og ei forenkla og stimulerande insentivordning for sal av overskotsstraum tilbake på nett, seier Kristian E. Vik, rådgivar fornybar energi i Doxacom.

- Overskotsproduksjonen frå solcellekraftverket kan matast inn på nettet når forbruket er størst og dermed virke som ei avlasting for det eksisterande straumnettet.