Strukturplast AS inngår forhandleravtale med Selstad AS. Foto: Strukturplast
Strukturplast AS inngår forhandleravtale med Selstad AS. Foto: Strukturplast

Strukturplast inngår avtale med Selstad

Strukturplast AS på Sandane lanserte ei rørkause i plast tidlegare i år som ei nyvinning med stort potensiale. No har Strukturplast signert ei avtale med Selstad AS i Måløy om forhandling av dette produktet til oppdrettsrelatert næring.

Publisert

Strukturplast jobbar med utvikling og formstøyping av spesialkomponenter i herdeplasten polyuretan. Denne avtala viser at Strukturplast har lukkast med satsinga si mot oppdrettsbransjen, skriver selskapet i ei pressemelding.

Selstad AS er ein internasjonal leverandør av kompetanse og utstyr til maritime næringar. Selstad har hovedkontor i Måløy og avdelingskontor langs heile kysten både i Norge og i utlandet.

«Vi kontakta Selstad på grunn av deira fokus på innovasjon, og såg på dei som ein god partner for oss både med tanke på utvikling av nye løysingar og markedstilgang til den marine næringa» seier Frode Lindvik, dagleg leiar i Strukturplast.

Strukturplast opplever fulle ordrebøker og dei ligg ca 15% over fjoråret på omsetning etter første kvartal. Dei siste åra har Strukturplast satsa mest mot subsea og offshore både med tanke på materialutvikling og produktutvikling. På tross av nedgangstidene i olje-bransjen opplever Strukturplast auka etterspørsel også i fra denne bransjen. Men på grunn av generelt dårligare utsikter i oljebransjen har Strukturplast det siste året dreia fokuset litt meir over mot maritime og marine næringar. Denne rørkausa viser at materialteknologi utvikla for offshore kan overførast og gje innovative løysingar for marin næring.

Nordfjord med Brødrene Aa i Hyen og Easyform i Måløy i tillegg til Strukturplast utmerker seg som en region som er langt framme innan plast og kompositt. Tettare band til den også sterke marine næringa i regionen kan skape vekst og styrke Nordfjord totalt sett trur Lindvik.

«Denne avtalen er eit viktig steg i riktig retning for Strukturplast, og gjer faktisk Selstad til ein av våre største kundar», seier Lindvik og er svært nøgd med å satse mot marin næring i lag med ein lokal aktør.

Lindvik seier videre at en slik avtale er svært positiv på fleire områder. «Det er klart at det er positivt for Strukturplast som bedrift og for sine ansatte å sikre seg arbeid framover, men det er like positivt at bedrifter i Nordfjord finn saman for å skape verdiar i lag for regionen vår». Selstad deler også denne oppfatninga kan Kjetil Holvik, fortøyningsanalytiker hos Selstad, bekrefte.

«Vi ser heilt klart fordelar med å samarbeide lokalt. Det handlar om effektiv kommunikasjon og felles forståing», seier Holvik. «Med lokal samhandling kjem vi raskare fram til betre løysingar, så det er kjekt å finne innovative partnarar lokalt som kan bidra til å utvikle nye produkt i lag med oss».