Siri Vike er ny i Hauge Aqua teamet, og kjem frå Pharmaq Analytiq AS. Foto: Ole Andreas Drønen.

Siri er ny egghelsesjef i Hauge Aqua

- Tida vil vise om laksen har det betre i et “egg”. Det blir kanskje mi viktigaste oppgåve å finne ut av, seier Siri Vike, somblir det nyaste tilskotet i Hauge Aqua.

Publisert Sist oppdatert

Administrerende direktør Cato Lyngøy er glad for å få Siri Vike med på laget. 

- Siri er ein kapasitet innan fiskehelse i Noreg og internasjonalt. Ho blir eit sterkt tilskot til leiarteamet vårt der hos skal sikre at fiskehelse og dyrevelferd blir godt ivaretatt både i utviklingsarbeid og i uttestinga av Egget, seier han i ei sak publisert på selskapets SoMe. 

Vike har jobba med førebyggjande fiskehelse i heile si karriere, både som oppdrettar, forskar og som leverandør til næringa. Ho er fiskehelsebiolog med master innan vaksinering og PhD på ILA-virus frå Chile.

Vike kjem frå stillinga direktør for strategisk utvikling i Pharmaq Analytiq AS. 

Administrerende direktør Cato Lyngøy seier han er kry som ein hane av å få Siri Vike med på laget. Her er han avbildet inne i domen til «Egget» i fjor vinter då han var på besøk hos Herde Kompositt i Ølve. No ser han fram til levering av «Egget» i slutten av mai. Foto: Therese Soltveit.

- Å få jobba med ein teknologi som minskar fotavtrykket vårt og samtidig forbetrar fiskehelsa, ser eg på som attraktivt. Egget er eit glitrande eksempel på kva næringa treng meir av sidan det løyser dei største utfordringane tradisjonelt merdoppdrett har. Lukka anlegg i sjø er det mest realistiske steget for at laksenæringa skal kunne vakse, fortel ho.

Les også: I sluttfasen: - Denne uken har vi begynt å reise deler av «Egget» på kaien

Vike meiner det berre er ein måte å gi fisken eit godt liv på, og det er ved å gi den eit så gunstig miljøforhold som mogeleg.

- At miljøet kan justerast og kontrollerast er det som er så genialt med lukka teknologi som Egget. For kvar prosent med forbetring, vil risiko reduserast, fiskevelferd forbetrast og berekrafta forsterkast. Eg synes Egget er heilt unikt og gler meg til å finne meir ut av det, seier Siri.

«Egget»:

  • Skal overleverast i slutten av mai 2022, og er laga i sandwich kompositt. 
  • «Egget» tar i bruk i ein mørkegrønt løyve som Hauge Aqua eig sjølv og skal drifta.

Les fleire Kyst.no sakar om Egget her. 

«MiniEgget» nærmar seg ferdigstilling ved Herde Kompositt i Ølve, og det jobbast på spreng for å fullføre pilotanlegget som skal overleverast til Hauge Aqua i løpet av våren. Sjå video under av bygginga av «MiniEgget»: