Paul Nergård (t.v.) og Knut Frode Eide. Foto: Eide Fjordbruk.

Paul Negård vert leiar i oppdrettselskap

Paul Negård vert med på laget til Eide Fjordbruk. - Tidlegare seniorrådgivar i Mattilsynet Paul Negård, vil i løpet av forsumaren verta konsernet sin nye leiar for fiskehelsedelen og ein viktig medspelar for å rusta Eide Fjordbruk/Fyllingsnes Fisk ytterlegare for framtida, meldar selskapet i ei pressemelding fredag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Negård er «ein kjent kar» i næringa og var i ein periode tilsett i og hadde ansvaret for PD-prosjektet via FHL/Sjømat Norge. Paul hadde i grunn ikkje tenkt å byta beite, men kjente Eide frå tidlegare, samt at han har sansen for måten konsernet driv på - det er bygt på verdiar som han kan assosiera seg med. Konsernet har spenstige planar, nye løyve og er i gang med planar om m.a. nytt settefiskanlegg, skriv samfunnskontakt Ove Gjerde.

Han seier vidare at det er eit solid selskap, som vil veksa på openheit og bærekraft.

Negård er busett på Askøy. Forutan å vera ute i felten, vil han i fyrste omgang ha kontordagar i Eidestøa ved hovedkontoret i Fusa.

Konsernet vil også ha tilgjengeleg kontorfasilitetar innan fagmiljøet i Bergen. Eide/Fyllingsnes skal utviklast vidare - ein av nøklane framover vert m.a. å spela på lag og vera i dialog med dei ulike mynda for å auka matproduksjonen i sjø på noverande og nye «innmarksområde», melder Eide Fjordbruk.

  • Eide Fjordbruk er eit familieeigd selskap og vart starta i 1970.
  • Tredje generasjon er no i selskapet. I 2009 kjøpte Eide Fjordbruk AS selskapet Fyllingsnes Fisk AS. Fyllingsnes hadde då eitt løyve.
  • Konsernet har no samla 9 løyve og er godt rusta for framtida.
  • Konsernet Eide har per dags dato 36 tilsette fordelt på tre selskap.
  • Selskapa har administrasjonen og produksjon settefisk i Eidestøa, i Fusa kommune.
  • Matproduksjonen i sjø går pt føre på 8 lokalitetar i Lindås og Kvinnherad.
  • Saman med Lingalaks AS har Eide starta planlegging av nytt anlegg for produksjon av mellom anna stor settefisk , Ænes Inkubator i Kvinnherad.