Knut Frode Eide er daglig leder i Eide Fjordbruk.
Knut Frode Eide er daglig leder i Eide Fjordbruk.

Møter lita forståing hos Fylkesmannen

Knut Frode Eide, daglig leiar ved Eide Fjordbruk meinar Fylkesmannen i Hordaland si haldning har skapt store utfordringar for selskapet, som ynskjer å få på plass ei ekstra merd til avlusing ved Thermolicer.  - Me møter lita forståing hos Fylkesmannen, seier Eide til kyst.no.

Eide Fjordbruk i Sunnhordland har søkt om å legge ut ei ekstra merd for å gi fisken betre plass samt å eventuelt ha ei ledig merd å flytte fisk over til ved bruk av Thermolicer.

Les også: Meinar fylkesmannen rir paragrafar som hindrar betring av fiskehelsa i fjorden

Administrasjonen i Kvinnherad Kommune har stilt seg positiv heile vegen, men i oktober 2014 sa politikarane nei. Eide fjordbruk klaga, og i neste runde snudde komiteen og sa samrøystes ja. Men no har Fylkesmannen klaga, grunna sakshandsamingsfeil og manglande planavklaring, meldar lokalavisa Grenda.

Haldninga til Fylkesmannen skapar utfordringar

- Når det gjeld Fylkesmannen i Hordaland så køyrer han no ein kampanje som gjer det vanskeleg for oppdrettsnæringa å få tilgang på høveleg areal. Utviklinga i næringa går fort og i dei seinare åra har ein gått over til driftsformer som er meir arealkrevjande. Nye og rømmingssikre anlegg der fisken har gode forhold krev meir areal enn det arealplanane til kommunane i mange høve tek høgde for, fortel Eide.

Han meiner Fylkesmannen si halding har skapt store utfordringar for Eide både i denne saka i Hardanger, og ved ein av deira lokalitetar i Fensfjorden.

Les også: Blom har flyttet terskelen for hva som er mulig

- Slik det ser ut no må utsetta av fisk reduserast med dei fylgjer det kan få for vår konkurransekraft og i verste fall våre tilsette. Me prøver å påverka sakene politisk både på eiga hand og via Sjømat Norge, men me møter lita forståing hos fylkesmannen, seier Eide.

I denne aktuelle saka på lokaliteten Hågardsneset så sendte selskapet inn søknad i oktober 2014. Saka er per i dag ikkje avslutta, og Eide seier det er ikkje godt å seie kor lang tid det vil ta om saka skal sendast til ein settefylkesmann for endeleg avgjersle.

Ikkje mogleg med utvidingar

- Når det gjeld utviding av MTB så er dette ikkje mogleg å få til i området i Hardangerfjorden. Alle oppdrettsselskap har i 2015 fått moglegheit til å søkje om fem prosent auka produksjon per løyve gitt at ein tilpassar drifta si til enda strengare forvaltningsregime mot blant anna lakselus. Me har som dei aller fleste andre søkt om slik auke, så får tida vise om det er mulig å få det til. Me håpar at Thermolicer kan vere eit godt verktøy for å tilpassa seg enda strengare lusegrenser, seier Eide til kyst.no.

- Eg tykkjer at kommunane i større grad må få disponere eigne areal. Slik det fungerer no så set Fylkesmannen ein stoppar for det aller meste av tiltak sjølv om kommunane prøver å leggje til rette for utvikling av lokal aktivitet og arbeidsplassar. Regulering fylgjer ikkje innovasjonen i oppdrettsnæringa, dette vert dessverre ein bremsekloss for positiv miljøutvikling i oppdrett, meinar han.

Han opplyser at Eide Fjordbruk per i dag ikkje har fått noko beskjed om kva som skjer vidare i saka.

Les også: - Lusa dett av. Enkelt og greit. 

- Elles er siste nytt frå oss er at me har investert mange millionar kroner i avlusingsmaskinen Thermolicer saman med Lingalaks og Tombre. Dette er ei maskin som fjernar og samlar opp lusa utan bruk av kjemikaliar, ved bruk av varmt vatn. Me har stor tru på dette prosjektet og me vil gjere kva me kan for å drive så miljøvenleg å bærekraftig som mogleg, forklarer leiaren i Eide Fjordbruk.

Fylkesmannen i Hordaland har fått seg førelagt saka, men har førebels ikkje svart på spørsmål frå kyst.no.