Eide Fjordbruk lokalitet. Foto: Eide Fjordbruk.

Nye fortøyningar gav resultat for oppdrettar

Etter rømming grunna anlegg som sleit seg under stormen Nina, skifta Eide Fjordbruk fortøyningar. Det gav resultat for oppdrettaren. - Me var godt forberedt og det har gått fint med våre anlegg i Hardanger og Nordhordland. Me har ikkje opplevd skade på nokon av anlegga våre, seier Vidar Hjartnes i Eide Fjordbruk og Fyllingsnes Fisk.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Under stormen «Nina» røymde det laks frå to av anlegga selskapet eig. Dei har i etterkant skifta og oppgradert fleire av fortøyningane på anlegga sine og hadde således ingen problem med fortøyningar i samband med «Tor».

Roligare enn venta

- Som alltid sjekkar me over våre lokalitetar og såg til at alt var slik det skulle. Våre lokalitetar i Hardanger var mest værutsett denne gangen. Men stormen vart noko rolegare enn forventa. Så me var godt forberedt og det har gått fint med våre anlegg i Hardanger og Nordhordland. Me har ikkje opplevd skade på nokon av anlegga våre, seier Hjartnes til kyst.no.

- Me gjorde oss nokre erfaringar under «Nina» og meinar me skal være godt forberedt for uvær når dei treff anlegga våre, legger han til.