Knut Frode Eide døyde bare 59 år gamal, etter fleire års kamp med kreftsjukdom. Foto: Sekkingstad.

Minneord om oppdrettar Knut Frode Eide

Fleire i havbruksnæringa har skrive minneord om Knut Frode Eide. Vi har samla dei i denne saka. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Oppdrettar Knut Frode Eide døyde i heimen sin i Hålandsdalen, etter fleire år med kreftsjukdom. 59-åringen bygde familieselskapet Eide Fjordbruk på Eidestøa i Hålandsdalen til å vera eit av dei mest framgongsrike lokale oppdrettsselskapa i Noreg.  I dag produserar selskapet både laks og aure i sjø, og verksemda blir driven på ni lokalitetar i Hardanger og Nordhordland.

Tidlegare i år opplyste bedrifta at dei i 2017 hadde si høgaste omsetjing nokonsinne

Under kan du lesa minneorda om Knut Frode, skrive av fleire i havbruksnæringa på Vestlandet til Kyst.no.  

Konrad og Bård Sekkingstad med familiar skriv: 

Natt til måndag 12. november døyde ein god ven og samarbeidspartnar.

Me som var så heldige å kjenne og få jobba tett saman med Knut Frode vil huska han som ein heidersmann. Vårt venskap og samarbeid starta på midten av 80-talet og me utvikla oss saman med den same brennande entusiasmen for laksen.

Moglegheitene som låg framfor oss. Knut Frode såg ikkje på utfordringar som noko problem, han «gav gass» der andre kanskje ville haldt litt igjen og sa at alt var mogleg, men at løysingane kanskje tok litt tid. Han fekk rett, og me i Sekkingstad lærte mykje av Knut Frode.

Han var oppteken av og levde etter prinsipp om at avtalar skulle vera berekraftige for dei som bidrog og at ærlegdom og openheit var avgjerande for samarbeid og for å lukkast over tid. Men ikkje minst var han bestemt på at skulle man lukkast, måtte ein like det man haldt på med og ha det kjekt på jobb. Dette viste han heilt til det siste med alltid å vise godt humør, sjølv når det «blas» som verst.

Knut Frode torde å satsa der andre haldt igjen, han tok stor risiko og bygde eit solid lag rundt seg for vidareutvikling av hjartebornet sitt, Eide Fjordbruk.

Knut Frode sat alltid familien høgt og var svært stolt av dei alle. Særs glad var han for at barna viste interesse og ville videreføre det Randi og han hadde bygd opp.
Hans engasjement for lokalsamfunnet var også stort og han vil bli huska som ein bauta og ein lokal samfunnsbyggjar. Det er mange innan idrett, skule og andre organisasjonar som vil huske Frode sin rausheit som sambygding og medmenneske.

Då me for mange år sida vart kjend med at Knut Frode var ramma av kreft, tenkte me at dette går nok bra og at «krigaren» frå Hålandsdalen ville stå han av. Sånn gjekk det diverre ikkje denne gongen og stolen til Knut Frode står no tom.

For Randi, Sondre, Erlend, Karoline, Bjørg Marit og Jennifer er dette tungt, vanskeleg og ufatteleg trist. Me deler sorga med dykk i den vanskelege tida familien no står føre.

Me på Sekkingstad lyser fred over Knut Frodes gode minne.

Takk for alt kompis.

Hans Inge Algrøy, Regionsjef Sjømat Norge skriv:

Det var med stor sorg me mottok bodskapen om at Knut Frode Eide er gått bort.

Knut Frode var ein sentral person i havbruksnæringa på Vestlandet og han var kjend som ein omgjengeleg og raus person med stor fagleg kunnskap. Han var ein energisk og framsynt mann som saman med familien sin bygde opp ei bedrift som frå småskala ørretproduksjon i Skogseidvatnet vart utvikla til ei topp moderne havbruksbedrift.

Han sette i gang utviklingsarbeid som vil vera til nytte og glede både for eiga bedrift og heile havbruksnæringa langt inn i framtida.

Knut Frode Eide var glad i bygda si og bidrog sterkt til at lokale tiltak i idrettslag og anna organisasjonsarbeid kunne gjennomførast I bransjeorganisasjonen Vestnorsk havbrukslag, seinare Sjømat Norge, hadde Knut Frode eit godt faglig engasjement. Han stilte opp der det var bruk for han og deltok i utviklinga av organisasjonen.

Me takkar Knut Frode for alt han har bidratt med og lyser fred over minnet hans.

Øyvind Kråkås i Havbrukspartner (tidlegare samfunnskontakt i SalmonGroup) skriv: 

Då eg fekk vete at Knut Frode Eide var gått bort, kom det ikkje heilt uventa. Likevel var det vanskeleg å forstå at ein slik energi kunne stilne. At ei slik kraft måtte gje tapt. Men mykje står att etter ein mann som alltid sette seg høge mål, og oppnådde mange av dei.

Den fyrste gongen eg møtte Knut Frode, var på eit møte i Bergen. Han kom litt seint, men var midt i temaet, topp engasjert, før han hadde funne stolen sin. Og frå den stunda av har eg kjent på det medrivande og motiverande i det optimistiske utolmodet han bar med seg, kvar gong ein møtte han eller snakka med han på telefonen.

Knut Frode let det ikkje ligge til i morgon. Han venta ikkje for å sjå kva dei andre kom til å gjere. Han sette seg mål, og la planar for å nå dei. Han ville bli best, og laga ingen unnskyldningar for å ikkje bli det. Pågangsmotet og kunnskapen hans var sjølvsagt avgjerande for at han lukkast med so mykje. Han tok alle samanhengar raskt, og var ein talknusar av rang. Knut Frode rekna kjappare i hovudet enn ein konsertpianist kunne fylgt han på kalkulator.   

Men Knut Frode hadde og forstått at ein må trivast for å prestere godt over tid. Han brukte ressursar på det beste, for folk og for fisk. Han var flink med forretning og forhandlingar, men jobba ut frå prinsippet om at begge partar skal kunne gå frå bordet som vinnarar. Han gav til samfunnet rundt seg, og var stolt over alt ein fekk til i lag.

Då Knut Frode fortalte at mor hans var frå Hjelmeland i Sunnfjord, fall der nokre brikker på plass hos meg. Straks skjønte eg litt av kvar han hadde energien, ambisjonane og motet frå. Han la mykje vekt på desse slektsbanda, og eg må innrømme at eg var litt kry sjølv, då eg kunne fortelje han at eg hadde arva eit av dei første husa onklane hans bygde, i Solund, før dei reiste til Førde og «bygde ein heil by». Sjølv om mi rolle var både passiv og tilfeldig, var det gildt å ha eit passasjersete i den stolte historia han fortalde. Og han hadde verkeleg evna til å skape denne kjensla av at kvar og ein var ein del av laget.

I jobbsamanheng hadde eg æra av å vere ein del av Eide Fjordbruk sitt utvida team då uvêret «Nina» fekk eit anlegg i Nordhordland til å havarere i 2015. Hendinga var eit mareritt for ein fiskeoppdrettar, mykje fisk på rømmen og ein uoversiktleg situasjon. Men ingen kunne handtert det betre enn Knut Frode. Han spelte på alle gode krefter, og var engasjert, tilgjengeleg og ærleg. Det sto respekt av måten han sto oppreist og handlekraftig gjennom krisa.

Sjølv om livsviljen var sterk, kunne ikkje Knut Frode overvinne sjukdomen. Han kjem til å bli sakna, av alle som kjende han, og ei heil næring. Men heldigvis gjorde han og eit eineståande arbeid med å setje verksemda si, livsverket, i stand til å leve vidare etter han. Familien og deira trufaste medarbeidarar vil sikre at Eide Fjordbruk har ambisjonar og pågangsmot inn i framtida. Det er me glade og takknemlege for.

Takk for alt, Knut Frode.