Eide Fjordbruk har måtte dele seg opp i arbeidslag for ikkje å risikere at dei får for mange i karantene samtidig. Foto: Eide Fjordbruk.

– Vi lærar oss å jobbe på ein annan måte

Eide Fjordbruk skriv i ei pressemelding at utbreiinga av koronaviruset er svært bekymrande.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Dei fleste av oss kjenner og er glade i fleire som er i faresona for viruset. Me kan redde liv med å følgje myndigheitene sine råd. Eide Fjordbruk kan risikera å komme i ein sårbar posisjon om større delar av våre tilsette i drifta skulle verte sjuke. Me driv med biologi og alle laksane våre trenger dagleg tilsyn og fôring, forklarar dagleg leiar, Sondre Eide.

Han meiner koronaviruset er ei mektig påminning om kor mektig nasjonal matproduksjon og internasjonalt samarbeid er.

– Me er svært sårbare som nasjon om me ikkje kan klare oss sjølv i nokre veker. Samstundes er det naudsynt med eit godt internasjonalt samarbeid for vareflyt, som gjer at mat og medisin kjem seg rundt i krevjande tider, seier Sondre.

Eide Fjordbruk følgjer FHI sine retningslinjer, og har innført hygienetiltak og heimekontor for alle tilsette i administrasjonen. Dei tilsette er blitt beden om å unngå besøk, private reiser og folkerike samlingar, og den daglege drifta er geografisk låst til sine lokasjonar.

– Me har måtte dele oss opp i arbeidslag for å ikkje risikere at me får for mange i karantene samtidig. Dette gjer at me ikkje har like mange folk å sette på dei operasjonane som skal gjerast og at me må leige inn båt for å hjelpe oss med å gjera nokre arbeidsoperasjonar, fortel Trygve Samnøy, driftsleiar i Eide Fjordbruk.

– Kan det komme noko positivt ut av dette?

– Me lærar oss å jobbe på ein annan måte, som kan vere positivt. No samarbeider me tettare i mindre team, seier Trygve, som håpar alle kjem seg styrka ut av krisa.