Illustrasjonsbilde av smolt/settefisk. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Stor interesse for settefisk-planar

Eide fjordbruk, Lingalaks og konsulentselskapet Akvator inviterte fredag til informasjonsmøte om Ænes inkubator, og det planlagde settefiskanlegget som skal etablerast på Ænes drog fullt hus. Samfunnskontakt Ove Gjerde i Eide fjordbruk seier oppdrettarane no ynskjer innspel til anlegget som planleggast i Kvinnherad kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det planlagde settefiskanlegget som skal etablerast der den tidlegare lakseparken på Ænes haldt til, er framleis i ein tidleg fase. Men på møtet kom det klart fram at tida for å koma med innspel og merknader er no. Høyringsfrist i samband med reguleringsplanen sitt planprogram er allereie 12. april, ifølge lokalavisa Grenda.

Produksjonen ved anlegget vil omfatte heile produksjonssyklusen frå egg og yngel til smolt/postsmolt for utsett i sjømerdar, ifølge planen.

Ove Gjerde er nyleg tilsett som samfunnskontakt for Eide Fjordbruk. Han har allereie travle dagar då han jobbar med planane for eit nytt settefiskanlegg på Ænes i Kvinnherad kommune. Foto: Privat.

Ingen aprilspøk

Ove Gjerde,  samfunnskontakten til Eide Fjordbruk fortel kyst.no at han no ynskjer innspel til saka.

- Me hadde møte fredag 1.april og det var ingen aprilspøk. Det var eit godt oppmøte og mange visar si interesse for anlegget. Det er eit spanande prosjekt og det aller viktigaste er at folk kjem med innspel. Vi skal ha ein dialog framøve og ynskjer at meiningsytringane vert fremma. Det vil nok kome fleire spørsmål om slamhandtering og vassuttaket i elva, fortel Gjerde.

- Under sjølve møtet var det ein god dialog, og me fekk konstruktive innspel, legg han til.

Les også: Går saman om bygging av nytt settefiskanlegg

På møtet vart det understreka at planarbeidet til settefiskanlegget  framleis er i ein tidleg fase. Det aktuelle området omfattar ni gards- og bruksnummer og er 80 dekar stort.

- No køyrer vi to prosessar samstundes; reguleringsplan og NVE-konsesjon. Erfaringsmessig tek NVE-konsesjonen lang tid, kanskje to-tre år, uttalte Turid Verdal, fagansvarlig hos konsulentselskapet Akvator ifølge  Grenda under møtet.

Høyringsfrist hos NVE er 26.april. 

- For dei som har innspel, no går toget, sa Gjerde.