2. og 3. generasjonsoppdrettarar i familien Eide: Knut Frode Eide og sonen Sondre. Foto: Eide Fjordbruk.
2. og 3. generasjonsoppdrettarar i familien Eide: Knut Frode Eide og sonen Sondre. Foto: Eide Fjordbruk.

Høgaste omsetning for Eide nokonsinne

Eide Fjordbruk omsette for 495 millionar kroner i 2016, ein auke frå 210 millionar kroner i 2015. Det er den høgaste omsetninga selskapet har hatt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I ei pressemelding skriv dagleg leiar Knut Frode Eide at 2016 har vore eit godt år for Eide-selskapa.

- Ekstraordinært høge lakseprisar og flinke medarbeidarar som har gjort ein framifrå innsats, er hovudårsakene til det gode resultatet. Høge produksjonskostnader skuldast i hovudsak handtering av luseutfordringar, men kostnadsdrivarane til Eide Fjordbruk har ikkje vore større enn i næringa generelt.

Randi og Knut Frode Eide saman med sonen Sondre - med Skogseidvatnet og Hardangerfjorden i bakgrunnen. Foto: Eide Fjordbruk.
Randi og Knut Frode Eide saman med sonen Sondre - med Skogseidvatnet og Hardangerfjorden i bakgrunnen. Foto: Eide Fjordbruk.

Elles skriv selskapet at biologien i anlegga har vore god gjennom 2016.

- Slaktevolumet var relativt lågt i 2016 pga oppbygging av biomasse etter tildeling av nye konsesjonar. Det er forventa i underkant av dobling av slaktevolumet i 2017. Lenger fram i tid har selskapet utfordringar pga manglande lokalitetar som trengst for å kunna utnytta løyva ein har i dag.

Høgaste omsetning nokonsinne

Selskapet omsette for 495 millionar kroner i 2016, ein auke frå 210 millionar kroner i 2015. Det er den høgaste omsetninga selskapet har hatt.

Den store auken i omsetninga skriv seg dels frå fusjonen mellom Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS i 2016, dels frå høgare prisar og auka slaktevolum.

Driftsresultatet blei på 222 millionar kroner, mot 22 millionar kroner i 2015. Årsresultatet var på 168 millionar kroner, mot 17 millionar kroner i 2015.

- Hovudårsaka til auken er at høge spottprisar på både laks og aure har gitt høgare marginar per kilo. Selskapet hadde i 2016 eit slaktevolum på 8045 tonn rund vekt, ein auke frå 5765 tonn i 2015, opplyser selskapet. Hovuddelen av auken i slaktevolum skriv seg frå fusjonen mellom Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS.

Eigenkapitalen i selskapet var 278 millionar kroner per 31.12.2016, ein auke frå 154 millionar kroner per 31.12.2015 i Eide Fjordbruk og 158 millionar kroner i det fusjonerte selskapet per 01.01.2016.

Solid eigenkapital

Eigenkapitaldelen i selskapet er solid med 39 % per 31.12.2015, mot 63,5 % per 31.12.2015 og 55 % per 01.01.2016 (etter fusjonen). Hovudårsaka til reduksjonen i eigenkapitaldelen er opptak av ny langsiktig gjeld på 230 millionar kroner. Lånet er teke opp for å sikre god nok fleksibilitet og gode nok rammer for å gjennomføre framtidige investeringar.

Selskapet har i 2016 investert 13 millionar kroner i nye driftsmiddel og 45 millionar kroner i nye lisensar. I tillegg har selskapet teke opp ny gjeld på 230 millionar kroner, meldar dei.

Sel i spot

Eide Fjordbruk sel i hovudsak fisk i spottmarknaden, og svingingar i lakse- og aureprisane påverkar derfor straks resultata i selskapet. Styret vurderer jamleg om det er mogleg å sikre delar av prisrisikoen gjennom å bruke finansielle kontraktar, men hadde ingen slike posisjonar per 31.12.2016.

Steril laks

Eide Fjordbruk jobbar målretta med ei rekkje ulike forskings- og utviklingsprosjekt, og peiker på mellom anna FoU-konsesjonen deira for storskala forsøksproduksjon av triploid (steril) laks. Produksjonen skjer i tett samarbeid med Aquagen og Havforskingsinstituttet.

- Ved å ta i bruk sterillaks i kommersiell matfiskproduksjon vil utfordringane med rømt oppdrettslaks og genetisk forureining av villaksstammar langt på veg kunne løysast. Resultata etter slaktinga av triploid fisk har vist lovande resultat, men ein må framleis utvikle produksjonen før ein kan seie at triploid fisk er eit fullgodt alternativ til diploid laks.

Utviklingskonsesjoner

Selskapet har òg søkt om utviklingskonsesjonar på to ulike konsept. Prosjektet «Framsyn» skal utvikle ny sensorteknologi, autonome farkostar og nye datakjelder for å skaffe informasjon som ikkje er tilgjengeleg i dag.

Salmon Zero - Framtidas lukka matproduksjon i sjø. Illustrasjon Eide Fjordbruk.
Salmon Zero - Framtidas lukka matproduksjon i sjø. Illustrasjon Eide Fjordbruk.

- Samtidig skal det utviklast ein teknisk infrastruktur for framtidige oppdrettsanlegg som gjer det mogleg å samle inn store mengder data. Selskapet har søkt om totalt seks lisensar til prosjekter. Prosjektet har fått avslag på søknaden, men har klaga på vedtaket, og styret har framleis stor tru på prosjektet og på retninga.

Det andre utviklingsprosjektet er kalla «Salmon Zero» og skal utvikle eit fullstendig lukka anlegg med RAS-teknologi. Konseptet inkluderer full styring av salinitet, temperatur, sterilisering av inntaksvatn og reinsing av avløpsvatn.

- Prosjektet vil òg utforske om det er mogleg med gjenbruk av avløpsvatn frå anlegget som næring til å dyrke tang, tare og algar. Konseptet gjer det mogleg å ta i bruk areal som per i dag ikkje er eigna for matproduksjon i sjø. Eide Fjordbruk har søkt om totalt tre utviklingsløyve til prosjektet, men søknaden er enno ikkje behandla, skriv dei.

  • Eide Fjordbruk AS er eit familieeigd selskap med sterk lokal forankring.
  • Selskapet har i 2016 fusjonert med dotterselskapet Fyllingsnes Fisk AS.
  • Eide Fjordbruk AS er eit dotterselskap av Eide Holding AS og inngår i Eide Holding-konsernet