Tareproduksjon. Foto: Linn Therese S Hosteland

Får dyrka tare ved lakseanlegg – men på mindre areal

Kyst.no skreiv tidlegare at Engesund Fiskeoppdrett søkte om dispensasjon frå kommuneplanen, til å driva tareoppdrett ved lakselokaliteten Laberget i Masfjorden. Etter nei frå Fylkesmannen har dei trekt søknaden, men det betyr ikkje at det ikkje vert tareoppdrett i fjorden.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Når det vert søkt om dispensasjon er kommunen i hovudsak negativ, då det er ynskjeleg å følgje dei lagde planane. Denne saka fekk fleirtal  i kommunestyret, men innstillinga hjalp lite når Fylkesmannen seier nei, fortel ordførar Karstein Totland (H).

Les også: Vil dyrka tare ved lakseanlegg

Engesund gjorde i søknaden greie for at dei ville søkje om ein FoU-konsesjon der dei skulle produsera laks i kombinasjon med tare. Det trengde produksjonsarealet på heile 10 hektar, der ein god del fell utanfor dagens løyve ved lokaliteten Laberget.

- Men tare blir det. Løysinga på det heile er at selskapet trekte søknaden på den fyrste lokaliteten og heller søkjer om taredrift på ein annan lokalitet, der dei har tilgjengeleg areal. Arealet er ikkje like stort som dei bad om i fyrste omgong, men oppdrettarane får sjansen til å testa det ut, så får me sjå korleis ein kan utvide produksjonen i framtida, seier ordføraren til kyst.no.

- Når ein oppdrettar driv skikkeleg er det ingen grunn til å ikkje la dei utvikle seg, legg Totland til.

Vil utnytte lokal kompetanse

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett, Svein Eivind Gilje, har tidlegare fortalt at utprøvinga av tareproduksjonen i Masfjorden vil vera ein del av eit større forskingsprosjekt der Engesund Fiskeoppdrett saman med Sulefisk og Osland Havbruk, vil teste ut taredyrking ved ulike lokalitetar.

- Gjennom eit grundig og omfattande forskingsarbeid, ynskjer ein å avklare fordelar og ulemper som både fisken og taren kan ha av denne driftsforma, forklarte Gilje.

Han stadfestar at dei heller tek sikte på taredyrkinga i mindre skala ved lokaliteten Leirvika.

- Me skal mellom anna i eit møte med Havforskningsinstituttet, for å sjå korleis me betre kan få utnytte kompetansemiljøet lokalt og undersøkje om me kan samarbeide på enkelte områder innan FoU i tareproduksjonen, fortel oppdrettaren.