Svein-Eivind Gilje er dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett. Foto: Privat
Svein-Eivind Gilje er dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett. Foto: Privat

Går for betongløysing i kampen om utviklingsløyvene

Engesund Fiskeoppdrett søkjer om tre utviklingsløyver for å utvikle teknologi for lukka flytande påvekstanlegg i sjø. Desse skal byggjast i betong, ifølgje selskapet.

Publisert

- Vi har stor tru på at prosjektet kan bidra positivt i bekjempelsen av lakselus og rømming, samtidig som teknologien vil legge til rette for bruk av areal som i dag ikkje er i bruk til akvakultur, skriv dagleg leiar Svein-Eivind Gilje i ein mail til kyst.no.

Les også: Status utviklingskonsesjoner – Innovasjonsbølgen slår inn over oppdretterne

I følgje planen skal det byggjast to lukka produksjonsanlegg, kvar på 4000 kubikk der dei skal produsere fisk fram til ei individvekt på 1500 gram. Deretter skal fisken flyttast over i tradisjonelle anlegg.

- Dei lukka anlegga vil behandle vatn både inn og ut av anlegget. Vi får derfor god kontroll på lus og sikrar at fisken er lusefri når den kjem i sjøen. Slam vil bli samla opp og handterast på godkjente mottak, skriv han.

Engesund Fiskeoppdrett søkjer utviklingsløyve på denne betongmerden. Illustrasjon: Engesund Fiskeoppdrett.
Engesund Fiskeoppdrett søkjer utviklingsløyve på denne betongmerden. Illustrasjon: Engesund Fiskeoppdrett.

Selskapet har tidlegare og fått tildelt eitt grønt løyve i gruppe C, som dei endå ikkje har starta opp produksjon på. Desse løyva fekk dei tilsegn på også med ei lukka betongløysing i sjø.

Selskapet har og fått løyve til å produsera tare ved eit lakseanlegg i Masfjorden.

Les ogsåFår dyrka tare ved lakseanlegg – men på mindre areal

Kan slå positivt ut på fleire måtar

Målsetning med teknologien dei søkjer om i utviklingsløyva er at den vil vil slå positivt ut på følgjande måtar:

  • Utsett av ein lusefri fisk på 1500 gram reduserer produksjonstid i åpen fase og gir færre lusepåslag og hyppige avbrudd i oppbygging av lusepopulasjonar.
  •  Føre til lågare behov for avlusing og dermed motvirke resistensutvikling.
  • Føre til færre arbeidsoperasjonar med not (notskift, notvask, avlusing etc.)– redusere rømmingsrisikoen ved arbeidsoperasjoner.
  • Betonganlegga er i seg sjølve svært rømmingssikre og reduserer rømmingsfaren fram til 1500 gram monaleg.
  • Sikrar ein robust settefisk før den blir satt i sjø– fleire fisk fram til slaktevekt.
  • Legge til rette for at nye areal kan takast i bruk som påvekstlokalitetar.
  • Påvekstanlegga kan flyttast og utgjer ikkje store irreversible inngrep i strandsona.
  • Teknologien kan bidra til vekst i næringa samtidig som næringa kan dra nytte av sitt komparative fortrinn vi har med kostnadseffektiv produksjon av fisk i sjø.