- All fisken har hatt god fiskehelse, god fôrfaktor og betre tilvekst enn det me rekna med på førehand, seier Rune Sandvik. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

– Postsmolt-produksjonen går som ei kule

I byrjinga av september sat Erko Settefisk i Sagvåg inn 260 000, 90 grams smolt i deira splitter nye landanlegg. I midten av desember var fisken rundt halvkiloet og vart då sett ut i sjøen. – Produksjonen går som ei kule med betre tilvekst enn venta, fortel Rune Sandvik, dagleg leiar ved anlegget. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Anlegget i Sagvåg er eit RAS-anlegg på sjøvatten, og ettersom det er ein ny produksjon var Sandvik obs på at det kunne dukke opp fleire utfordringar undervegs.

- Me har sett utfordringar med sår i andre lukka produksjonar og når me i tillegg bruker djupvatten må me passe ekstra på. Me veit endå ikkje kva som er mest optimalt for fisken og testar derfor også ut ulik tettleik, opplyste Sandvik då fisken kom på plass.

God fiskehelse

- Me har sett utfordringar med sår i andre lukka produksjonar og når me i tillegg bruker djupvatten må me passe ekstra på, opplyste Rune Sandvik til kyst.no, då fisken kom på plass. Foto: Linn Therese Skår Hosteland

Deformitetar og kjønnsmodning nemnde han og som risikoar då fisken kom i anlegget. Den daglege leiaren valde difor å fordele smolten med ulik tettleik i dei fire kara på 1150 kubikk, for å finne ut kva som var best for fisken.

- Ingenting av det me frykta har slått til. Me har ikkje sett noko sår eller skader på fisken. Ingen deformitetar eller kjønnsmodning. Produksjonen har gått kjempebra og eg vonar at biofiltra og dei flinke tilsette skal ha mykje av takka for det, seier Sandvik til kyst.no i dag.

Når det gjeld optimal tettleik har det dei har gjort, så langt ikkje gitt nemneverdige resultat.

- All fisken har hatt god fiskehelse, god fôrfaktor og betre tilvekst enn det me rekna med på førehand. Ettersom fisken heller ikkje vart utsett for nokon av utfordringane me såg føre oss er det derfor vanskeleg å sei om det eine eller det andre et betre. Me vil fortsette å teste ulike tettleik når produksjonen er optimal, legg han til.

Førebels testar dei nemleg ikkje «grenser» på tettleiken, for sjølv om produksjonen har gått bra har det og vor småutfordringar undervegs.

- Mellom anna med fôringsanlegget som måtte kalibrerast og biofiltra som måtte gå seg til, fortel Sandvik.

Suksess i sjø

Fisken som er komt i sjøen opplyser han tok fôret etter kort tid og er i god form.

- Og på tross av at det er stor temperaturskilnad i sjø og i anlegget har ikkje dette påverka fisken. Det har og vore utruleg lav dødelegheit på fisken etter utsett, seier han.

Då Erko sat ut den fyrste fisken, valde Sandvik å berre setje ut halvparten av det som var i anlegget.

- Me sat ut to av kara og beheldt fisken i dei to andre. Denne fisken har no passert 700 gram og eg vil ha den til over 800 gram før utsett. Når det er så kaldt i sjøen vil eg ha fisken så stor mogleg, legg han til.

Ny fisk i anlegget

I dei to tømde kara kom det ny smolt på plass for to veker sidan.

- Me slit litt med å få den i gang sett opp imot den fyrste fisken, fortel Sandvik.

Men han ser ikkje svart på produksjonen av den grunn.

- Eit innsett er ofte ulikt eit anna og eg har tru på at det går deg til om litt. No ser eg fram til å setje ut den større smolten og er spent på korleis det går med den, seier han.

Framover skal anlegget no ferdigstillast i tillegg til at dei skal pusse opp eit tilhørande kontorbygg som tidlegare var eit båtverft.