Dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling

Fiskeridirektoratet har mottatt melding om rømming av oppdrettslaks frå eit anlegg i Hardangerfjorden, eigd av Lingalaks AS. Dagleg leiar Erlend Haugarvoll seier til kyst.no at rømminga vart oppdaga under ein operasjon på merd, der Thermolicer var involvert.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet anslår førebels at det kan ha rømt mellom 10 000 og 30 000 fisk.

Tysdag 24.mai 2016 kl.14.30 vart det under en arbeidsoperasjon på Lingalaks AS sitt anlegg i Bergadalen i Kvam kommune oppdaga fisk i sjøen utanfor merd nummer fem. Det vart straks satt i gong undersøkingar og konstatert ei skade i nota.

Haugarvoll seier til kyst.no at størrelsen på fisken ligg på alt fra 3 til 6 kg, men at gjennomsnittstørrelsen på fisken er 4 kilo.

Les også: Oppdrettarar går saman om investering mot lakselus

- Dette er frisk fisk, den har ingen sjukdommar og har ikkje vorte behandla. Det var under ein operasjon på merdkanten at me fekk ei rømming, der Thermolicer var involvert.

Han understreker at dei enda ikkje veit årsaka, og vil difor ikkje sei noko meir på dette tidspunktet.

Thermolicer i drift hos Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

- Me treng tid til å kartleggje kva som skjedde. Dette er traumatisk for oss som selskap og dei som driftar anlegget, dette er ikkje noko kjekt, seier Haugarvoll.

I ei pressemelding skriv selskapet at dei kunne straks ved nærmare inspeksjon sjå at det var oppstått ei skade i nota på merda. Det vart umiddelbart iverksatt tiltak for å sikre all resterande fisk i den berørte merda for å forhindre ytterligare rømmingar.

Vil sannsynligvis ikke overleve

Fisken som rømde var stor og Haugarvoll påpeker at denne fisken mest sannsynlig ikkje vil overleve lenge i sjøen.

- Nokon få fisk kan overleve og svømme opp i elva, men då er da godt å ha mellom anna Etnefella som kan fange opp desse rømlingane, seier Lingalaks-ledaren.

Les også: Går saman om bygging av nytt settefiskanlegg

Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka og kartlegge omfanget av årsaka til rømmingshendinga.

Dei opplysar at det er observert at den rømte fisken har spreidd seg til eit større område, og Fiskeridirektoratet region Vest har etter samråd med Fylkesmannen i Hordaland pålagt Lingalaks utvida gjenfangstplikt.

Lingalaks AS har iverksatt andre relevante tiltak i henhald til selskapets interne rutinar for handtering av rømming, og har som ein del av dette løpande dialog med Fiskeridirektoratet.

  • Selskapet seier det er ein dusør på kr. 200 per rømd laks som fiskast, mot innlevering av fisken. Fisker kan i tillegg behalde fisken mot at fettfinne fjernes av Lingalaks AS sitt personell ved forevisning av fangsten. Lingalaks ynskjer at all fangst innrapporteres. Fangst som ikkje leverast inn, kan rapporterast til linga@lingalaks.no eller på telefonnummer 941 77 549. Oppgje antal og storleik, fangstredskap, tidspunkt og –stad samt namn på fiskar.
  • Det er mogleg for privatpersonar å fiske etter laks med stang. Slik fangst kan leverast til Lingalaks AS sin lokalitet i Bergadalen, Gravdalsvegen  500, 5632 Omastrand, mandag, onsdag og fredag mellom 12 og 15 så lenge gjenfangsten pågår.
  • Det er i tillegg gjeve varsel til alle oppdrettsanlegg i nærområdet, til andre relevante myndigheiter og elveeigerlag i nærleiken.

Selskapet kan på det nåværende tidspunkt ikkje fastslå nøyaktig kor mange fisk som har rømd, men dette ventar selskapet er klart i løpet av dagen.

Lingalaks AS tykkjer denne hendinga er svært beklageleg og gjer alt som står i deira makt for at konsekvensane av denne rømmingen skal verte så små som mogleg, seier dei i ei pressemelding.