Havforskningsdirektør Sissel Rogne. Foto: Kjartan Mæstad

Fagleg råd som skal rådgjeve HI er etablert

Det er nyleg avgjort kven som skal vere med i Havforskingsinstituttet sitt faglege råd. Rådet er utnemnt av Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og skal levere ein årleg rapport til departementet og instituttet, kjem det fram i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi er svært nøgde med samansetjinga av rådet og at det no er på plass, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne i en pressmelding fra Havforskingsinstituttet.

Alt i 2014 starta arbeidet med å få rådet på plass, og tidleg i 2016 vart det endelege mandatet vedtatt. Det faglege rådet skal fungere som eit uavhengig fagleg rådgjevingsorgan for Havforskingsinstituttet, og skal gje råd om fagleg utvikling, oppgåver og rammer for verksemda.

- Rådet skal rådgje oss når det gjeld vitskapleg utvikling, men dei skal samtidig også kunne vere kritiske til det vi gjer. På denne måten kan både forskinga og rådgjevinga frå Havforskingsinstituttet bli betre, seier Rogne.

Medlemmane i rådet er:

  • Barange, Manuel - UN Food and Agriculture Organization, Italia
  • Bellingham, James G. - Center for Marine Robotics, Woods Hole Oceanographic Institution, USA
  • Degnbol, Poul - Aalborg University, Danmark
  • Giske, Jarl - University of Bergen, Noreg
  • Hilborn, Ray - University of Washington, Seattle, USA
  • Kamermans, Pauline - IMARES, Nederland
  • Link, Jason - NOAA Fisheries, USA
  • Lochte, Karen - Alfred Wegner Institute, Tyskland
  • Marshall, Tara - University of Aberdeen, Storbritannia
  • Stenseth, Nils Christian - Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis, University of Oslo, Noreg
  • Vorkamp, Katrin - Aarshus University, Danmark

- Medlemmane i rådet er blant dei beste forskarane i verda innan fiskeri- og havbruksforsking og rådgjeving. Eg er veldig glad for at alle som vart spurt om å vere med takka ja til å ta på seg oppgåva, seier Rogne.