Påverkar mengda lakselus, laksen sin respons mot parasitten?
I eit forsøk blei laks infisert med ulike doser lakselus for å undersøkje om det påverkar immun- og stressresponsen mot tre ulike stadium av lakselus. Om parasitten si evne til å smitte og overleve på fisken vart påverka av lusetettleiken på verten, blei også undersøkt.
Artikkelen er skrevet av Postdoktor Mathias Stølen Ugelvik og forskar Sussie Dalvin, Havforskingsinstituttet.
Mengda lus per fisk ser har stor betydning for verten, parasitten og samspelet mellom dei. Det er difor gjennomført mange forsøk med ulike doser lakselus der ein har undersøkt fysiologiske effektar på laks, men få har undersøkt underliggjande molekylære prosessar. Ved Havforskingsinstituttet har vi i prosjektet Infest finansiert av Fiskeri og Havbruksnæringens forskingsfinansiering (FHF) gjennomført forsøk der vi infiserte laks med tre ulike doser lakselus for å undersøkje om det påverkar immun- og stressresponsen mot tre ulike stadium av lakselus (chalimi, pre-adult og adult). Vi undersøkte også om parasitten si evne til å smitte og overleve på fisken vart påverka av lusetettleiken på verten
Både vill- og oppdretta atlantisk laks er mottakeleg for smitte av lakselus. Førekomsten av lus varierer mykje over tid, mellom ulike områder og aukar med storleiken på fisken. I oppdrettsanlegg ser ein dessutan ofte at mengda lus på fisken aukar over tid om det ikkje vert utført avlusing, som skuldast at fisk som har vore lenge i sjøen har vore meir eksponert for lusesmitte. Sidan mengda lus per fisk variera er det viktig å få kunnskap om korleis laksen respondera mot parasitten ved ulike lusemengder.
Kyst.no Pluss Personlig
Du får: Kyst.no Pluss-saker
199,-
per måned
KJØP
Kyst.no Pluss Årlig
Du får: Kyst.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP
Kyst.no Pluss bedrift
Administrer flere abonnement på ett sted og betal med faktura.
2189,-
per år
KJØP