Vegard Oen Hatten er kommunikasjonsrådgjevar i Fiskeridirektoratet og skal jobba tett på havbruksnæringa. Foto: Jakob Østheim.

Skal styrka havbruksforvaltninga hjå Fiskeridirektoratet

Vegard Oen Hatten (32) er tilsett i ei nyoppretta stilling som kommunikasjonsrådgjevar hjå Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Stillinga er ein del av styrkinga av havbruksforvaltninga, og Vegard skal følgeleg jobba spesielt med havbrukssakar, fortel kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet Olav Lekve til kyst.no.

Sjølv har Hatten berre har vore to veker i arbeid, men seier til kyst.no at han allereie har fått ein "flying start" i møte med havbruksnæringa på Aqua Nor i Trondheim.

Hatten kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Sjøforvaret og Forsvaret, og har utdanning i medievitskap frå Universitet i Bergen.

Han har no vore i stillinga i to veker

- Mi rolle vert innanfor havbruk. Difor tykkjer eg det var særs spanande at eg fekk vera med på Aqua Nor allereie på mine fyrste dagar i den nye jobben. Eg må innrømma at det var litt overveldande i starten, men takka vera nye gode kolleger kom eg raskt inn i det, seier Hatten til kyst.no.

Messa i Trondheim fortel han var interessant og han seier han vart positivt overraska over næringa.

- Eg hadde satt meg godt inn i kva Aqua Nor var før eg reiste, men allikevel vart eg overraska over kor omfattande næringa er, fortel 32-åringen.

Vaks opp langs kysten

Hatten omtalar seg sjølv som eit "born av kysten", då han vaks opp i Øygarden i Hordaland.

- Eg er godt vant med fiskeri- og havbruk og kjenner meg litt att når det gjeld dei arbeidsoppgåver eg hadde i Sjøforsvaret. Der eg arbeida mykje med politikk, forvaltning og slike ting.

Hatten gler seg øve den nye jobben, og meiner Fiskeridirektoratet er ein spanande arbeidsplass.

- Eg har jobba i forsvaret ti år no og gler meg til å ta skikkeleg fatt i havbruksnæringa.