
- Framleis mykje røymd fisk i Hardangerfjorden
Fiskeridirektoratet har pålagt Lingalaks AS overvaking og uttak av rømt fisk i vassdraga i Hardanger etter rømminga frå deira lokalitet Bergadalen. Leni-Marie Lisæter, seksjonssjef forvalting i Fiskeridirektoratet region Vest, fortel det framleis er mykje fisk i fjorden, men påpeikar at gjenfangsttalet er høgt for å være ei lakserømming. - Vanlegvis klarar dei ikkje å fangste att så mykje laks, seier ho til kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Erfaringsvis så bevegar laksen seg fort vekk i frå rømmingsstaden, legg ho til.
Selskapet si oppteljing viser at det rømte 36 700 oppdrettslaks med snittvekt på 3.6 kg frå lokaliteten. Det er stor spreiing i vekta og det meste av fisken vil vere frå 2-5 kg.
- Kva slags utfall ventar Fiskerdirektoratet av overvåkningen av vassdraga i området?

- Det er når laksen går opp i elvane at den kan gjere skade på villaksbestanden. Det kan bla skje ved genetisk innkryssing eller at ein øydelegg gytegropene/fortreng villaksen. Lus er og eit faremoment. Det har mest effekt å fiske ut laksen når den kjem opp i elva. Forsking frå overvåkingsprogrammet viser at oppdrettslaksen ikkje er like sprek, og går ikkje like høgt i elvane. Den gjer mest skade der villaksstammane er svake, seier seksjonssjef Leni-Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet til kyst.no.
Les også: Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling
- Gjenfangsttalet er høgt for å være ei lakserømming, vanlegvis klarar dei ikkje å fangste att så mykje laks, legg ho til.
Fiskeridirektoratet trur derimot ikkje det har skjedd fleire rømmingar.
– Me har registrert denne mistanken, Fiskeridirektoratet har vore i kontakt med andre selskap som har fisk i denne kategorien og har per i dag ingen konkret mistanke om andre rømmingar i området.
Lisæther meinar det ikkje er grunn til å tru at selskapet underestimerer tala på røymd fisk. Men konstaterer at det er eit høgt antal fisk i Hardangerfjorden no.
Når den gjeld risikoen den røymde fisken utgjer lokalt i området seier ho den ikkje gjere så mykje skade i fjorden, men påpeikar at lus kan verte eit problem
- Om ein hadde fortsett gjenfangst med garn i fjorden utøve dei to vekene som var pålagt Lingalaks, ville ein kunne stå i fare for at det vart fiska mykje bifangst av villaks og sjøaure.
Les også: – Lingalaks tar rømmingen på alvor
- I fjor vart det sagt at det var lett å gjenfangsta røymd fisk og mykje av den røymde regnbogauren vart gjenfangsta etter NINA-rømminga. Kvifor er ikkje resultatata dei same i Hardanger?

- Erfaringsvis er auren mykje meir stadbunden, og det er difor høgare gjenfangsttal på den, forklarer Lisæter til kyst.no.
Rapport til hausten
Når det gjeld kor mykje fisk som direktoratet forventar vert gjenfangst, seier ho det er vanskeleg å seia noko konkret tal.
- Mykje av laksen vil døy i løpet av sommaren, dei som er gytemodne vil gå opp i elva. Me har ikkje noko tal for kor mange som vil gå opp. Lingalaks er pålagt å utarbeide ein rapport om gjenfangst og utfisking. Denne vil verte offentleggjort i løpet av hausten, fortel Lisæter.
Grunneigarar i Hardanger har meldt om store mengder røymd laks i Hardangerfjorden.
– Situasjonen er rimeleg kaotisk og uoversynleg. Me får rapportar frå Fyksesund, Norheimsund, Jondal og Rosendal. Det er fisk over alt. Det ser kanskje ikkje ut til at det berre er éi rømming, men fleire rømmingar som har skjedd, seier Arild Alvsåker til NRK Hordaland.
Pålegg selskapet overvaking og uttak
Fiskeridirektoratet har pålagt oppdrettaren å overvake omlag 20 elver fram mot gytetida. Ved observasjon av rømt fisk skal det gjerast utfiskingstiltak. Arbeidet skal utførast av kvalifisert personell.
Fiskeridirektoratet påla også selskapet utvida gjenfangst i sjø etter rømminga og det er registrert gjenfangst av om lag 11 000 individ. Gjenfangstfisket i sjø er avslutta av omsyn til villaks og sjøaure.