Utsett frist for innsending av søknad om godkjenning av driftsplan for 2018/2019

For å koordinere søknad om driftsplan for 2018-2019 med innføring i produksjonsområder, vil Fiskeridirektoratet og Mattilsynet utsetje frist for innsending av søknad om driftsplan til 1. november.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

For å drive akvakultur på ein lokalitet skal innehavar av løyve for matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk ha ein årleg godkjenning av driftsplan frå Fiskeridirektoratet i tråd med akvakulturdriftsforskrifta § 40.

Frist for innsending av driftsplan for åra 2018-2019 skal sendast Fiskeridirektoratet i Altinn innan 1.november 2017.

Utfylling og kvalitetssikring av søknad

Driftsplansøknad, og alle vedlegg knytt til søknaden, skal sendast via skjema i Altinn. Dette gjeld også endringar av tidlegare innsendt plan.

Fiskeridirektoratet mottar alle søknader, og kvalitetssikrar at søknaden inneheld nok informasjon til å kunne saksbehandlast. Søknaden kan ikkje handsamast før den er komplett og rett utfylt i tråd med punkta under. Dersom søknaden har manglar vil Fiskeridirektoratet krevje at det vert sendt inn ny, korrigert søknad. Først når søknaden er komplett, blir den bli sendt vidare til Mattilsynet.

For å spare tid på utfylling av søknaden, kan ein lage ein kopi av den sist(e) godkjende planen for 2017-2018 og redigere denne, slik at den viser driftsplansøknad for 2018-2019.

Minimumskravet til utfylling av driftsplansøknaden:

  1. Det skal sendast inn separate driftsplansøknader for kvart selskap (organisasjons nr.) Unntak er på lokaliteter der det er godkjent samdrift, der det skal sendast inn felles driftsplan.
  2. Det må kome fram av driftsplanen kva for løyver som vert drifta på den enkelte lokalitet. Det enkelte løyve må veljast separat og må vere rett.[1]
  3. Når det gjeld søknad om drift av stamfiskløyver skal det  sendast inn separat søknad for kvart organisasjons nr. som innehar stamfiskløyver.
  4. For andre løyver til særlige formål[2] må antal fisk som er planlagt sett ut på kvart løyve framkome av søknaden.
  5. Alle godkjende lokalitetar for kvart organisasjons nr. må vere med i søknaden, også der det ikkje er planlagt drift i driftsplanperioden.
  6. Alle månadene i planen må vere utfylt med data. Planar med tomme månader vil verte sendt i retur. Periodar der det ikkje er drift på lokaliteten skal førast i skjemaet som brakklagt.
  7. Tidspunkt for utsett, utslakt og tidsrom for brakklegging på lokaliteten må vere rett.
  8. Art og talet på fisk som vert sett ut må vere rett.
  9. Søknad om utsett og eventuell flytting av fisk til andre lokaliteter må markerast og skal berre gjelde løyve der ein sjølv er innehavar og ikkje dei ein samlokaliserer med. Det må sendast inn separate søknader for kvart selskap dette gjeld for.
  10. Tidspunkt for planlagde B - og C – granskingar må leggjast inn i planen i tråd med frekvensar i NS9410:2016, Miljøovervåking av bunnpåvirkning fra marine akvakulturanlegg.