Se seminaret i opptak her.

Sjå fiskevelferds­seminaret i opptak

Gjekk du glipp av fiskevelferds­seminaret? Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet inviterte til fiskevelferdsseminar i Trondheim 24. september under Forskingsdagane. No er det mogleg å sjå opptak.

Publisert

Seminaret er arrangert av Fiskevelferds­forumet, ei samarbeidsplattform mellom Veterinærinstituttet og Havforskings­instituttet. Forumet har årlege seminar der ny kunnskap om dyrevelferd for fisk blir delt og velferda blir debattert. Tema under forskingsdagane i år var tillit, blant dei korleis open, forståeleg og uavhengig forsking kan bidra til å skape og vareta tilliten vi treng mellom styresmakter, næring, forsking og fiskehelsepersonell for å vareta fisken. I år var det 10-årsjubileum for Fiskevelferdsforumet.  

Kva seier tal om fiskevelferd? 

Så langt er det lågare dødelegheitstal i 2026 samanlikna med fjoråret. Lars Helge Stien ved Havforskingsinstituttet for­midla at målet om ned mot 5 % dødeleg­heit er ambisiøst, men fungerer som ei viktig inspirasjon og drivkraft for vidare forbetringsarbeid. 

Kristine Gismervik ved Veterinær­instituttet poengterte at det er viktig at tal om dødelegheit blir sett saman med andre indikatorar for dyrevelferd, blant dei dødelegheit­sårsaker og alvorlege velferdshendingar. Datagrunnlaget må forbetrast for lettare å fastslå trendar og sikre gode dyrevelferdstiltak. 

Forskar Kristin Bjørklund frå Veterinær­instituttet presenterte korleis forskarane har jobba for å få betre datagrunnlag om belastningar for laksefisk i dyreforsøk. Noreg bruker mest forsøksdyr i Europa, og 65 % av dette er laksefisk. Felles forståing av belastningsgrad er nødvendig for å måle forbetringar. 

Kristin Bjørklund snakka mellom anna om belastning for laksefisk i dyreforsøk.

Meir overvaking blir gjord digitalt 

Velferdsindikatorar hos laksefisk blir i aukande grad registrerte automatisk ved bruk av kamera. Bjørklund trekte fram prosjektet LAKSVEL-digital (FHF 910576) som arbeider med å harmonisere registreringar av automatisk innsamla velferdsindikatorar. Dette er viktig for at data frå ulike lokalitetar og kamera­teknologiar kan samanliknast og gi eit betre avgjerdsgrunnlag.

Bjørklund presenterte òg resultat frå prosjektet TARGEST (FHF 901915). Her var målet å utvikle teknologi som kan finne og sortere ut fisk med redusert velferd basert på utvendige forandringar på fisken. Lakselus kan i seg sjølv gi nedsett velferd, men kan òg reknast som ein indirekte velferdsindikator når lusenivåa gjer at fisken må avlusast. I prosjektet er det sett på fordelane ved å kontinuerleg fjerne lus frå laksen og effekten dette har på smitte og velferd. 

Ole Folkedal frå Havforskigsinstituttet fortalde om korleis luseteljing blir automatisert, og at dette krev betre metodikk for manuell teljing til bruk for validering av automatiske teljesystem. 

Jonatan Nilsson ved Havforskingsinstituttet formidla kor viktig det er å få eit representativt utval av fisk. Svake individ som held seg i overflata kan vere utanfor synsvinkelen til kameraa, men overrepresentert i eit manuelt uttak. Bruk av kamera med maskinsyn kan dekkje større volum og fleire individ, men må brukast rett for at datagrunnlaget skal bli betre. 

Akvaveterinærenes foreining ved Hulda Bysheim formidla at systemet rundt akvakultur må riggast på ein måte som gjer det mest lønnsamt å ta godt vare på fisken, slik at fiskehelsepersonells råd får auka betydning. 

Panelsamtale om forbetringar og datadeling 

Representantar frå næring, forsking og forvaltning var samde om at betre databruk og deling er viktig for å lykkast med forbetringar i fiskevelferd. Det kom fram at standardisering og samarbeid er utfordringar som må løysast. Mattilsynet finn mange avvik i rutinane til dei store bedriftene, likevel var oppdrettarane i panelet positive til systemrevisjonar. Frå forskarhald blei det påpeika at prosjekt blir avløyste av nye prosjekt utan at data samlast til bruk for heile næringa. 

Tore Kristiansen blei heidra for innsatsen sin for å fremje fagområdet dyrevelferd og for å ha vore ein av stiftarane av Fiskevelferdsforum. 

Frå paneldebatten (f.v.): Ketil Rykhus (Sinkaberg AS), Bjørn Gillund (Måsøval), Tore Kristiansen (leidde tidlegare faggruppe Dyrevelferd ved Havforskingsinstituttet, no pensjonist), Lise Rokkones (Mattilsynet), Arve Hestmark Nilsen (Veterinærinstituttet).