Angelico Madaro tek prøvar av oppdrettslaks etter eit manetåtak i anlegget på forskingsstasjonen til HI i Austevoll i november 2023.

Spyttar inn pengar til forskning på perlesnormanet

Perlesnormaneta har skadd fisk langs heile kysten. No skal forskarane undersøke korleis man hindrar at dette skjer igjen i prosjektet «JellySafe», som er tildelt nær 35 millionar kroner.

– Heile poenget med forsking er å undersøke ting vi ikkje veit, men perlesnormanet-situasjonen er unik, seier havforskar Tina Oldham i ei sak publisert på Havforskningsinstituttet.

– Det er uvanleg kor lite vi veit om noko som har hatt så stor innverknad, seier ho. 

Då fjorårets haustmånadar glei over i vinter, kom store mengder perlesnormanet drivande mot norskekysten. Konsekvensane av den uønskte gjesten vart enorme, skriv HI. 

Åtak etter åtak langs kysten

Fleire millionar oppdrettsfisk døydde truleg som følgje av manet-innsiget, synte Havforskingsinstituttet sin Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2023

Perlesnormaneta er ein kolonimanet, som er sett saman av fleire mindre individ. Nokre av individa har nesleceller, og desse svir fisk som kjem for nær.

Slik kan skadar etter perlesnormanet-åtak sjå ut:

Oppdrettsfisk som ligger vertikalt i vannet i en merd. Etter perlesnormanet-åtaket, låg fisk vertikalt mot notveggen i merda. Mogelegvis grunna vanskar med å puste eller av smerte frå neslegifta.
Dette er døme på skadar observerte eit døgn etter perlesnormanet-åtaket. Fisken har svimerker på finner, hovud og kjeve.
Dette er eit døme på ein skade observert éi veke etter perlesnormanet-åtaket. Fisken har blødningar og tydelege sår, og øydelagde finnar. Fisken vart avliva av omsyn til dyrevelferd.
Dette er døme på ein worst case-skade observert tre veker etter perlesnormanet-tilsiget på ein enkeltfisk. Det er usikkert kva som har skjedd med denne fisken. Fisken vart avliva av omsyn til dyrevelferd.

I møte med bølgjer, turbulens og fysiske barrierar vert manetkoloniane brotne opp – og desse små bitane kan trenge inn i oppdrettsmerdar.

Dette hende igjen og igjen og igjen hos oppdrettsanlegg langs kysten. Røktarane stod att makteslause.

– Vi manglar både kunnskapane og infrastrukturen som førebur oss på å møte slik skadeleg plankton, seier Oldham. 

No skal ho leie eit heilt nytt forskingsprosjekt som skal ruste næringa mot slike farar som kjem drivande med havstraumane.

Prosjektet JellySafe vart nyleg tildelt om lag 35 millionar kroner i støtte frå Fiskeri og havbruksnæringas forskningsfinansiering (FHF). 

Granskar heile biletet

Kunnskapshola om perlesnormanet er mange og dei er store. Men då maneta byrja å skape trøbbel i vinter, heiv havforskarane seg rundt for å skaffe kunnskap – både om fisk som vart råka og maneta som forårsaka det. 

HI sikra prøver frå manet-åtaket på forskingsstasjonen deira i Austevoll og sette i gang prosjekt for å finne avbøtande tiltak, når perlesnormaneten først var koma nær.

JellySafe byggjer vidare på dette arbeidet og dei kunnskapane HI har opparbeidd – og prosjektet involverer breitt. 

Her skal alt frå ingeniørar, matematikarar og oseanografar til fiskehelseforskarar, dyreplankton-økologar og molekylærbiologar bidra. 

– Vi går ikkje laus på eitt enkelt spørsmål. Vi skal granske heile biletet, seier Tina Oldham og held fram:

– Frå biologien til maneta og korleis ho vert påverka av biologiske drivkrefter, til korleis vi kan bruke all denne kunnskapen til utvikle strategiar og tiltak for å møte faren – og sikre at informasjonen når dei som treng han.