Sævareid Fiskeanlegg sitt anlegg. Foto: Gråkjær.

Gråkjær saksøker Sævareid Fiskeanlegg

Gråkjær melder dei saksøker Sævareid Fiskeanlegg og at det no vert rettssak. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det danske entreprenørselskapet Gråkjær A/S fekk i 2015 kontrakt om å oppføre ny RAS-avdeling på settefiskanlegget på Sævareid i totalentreprise, sideordna med teknisk leveranse frå Krüger Kaldnes. Det var avtalt at anlegget skulle stå ferdig i oktober 2016, men Gråkjær AS del var ikkje ferdig før om lag eit år seinare, i oktober 2017. Både undervegs i byggetida og etter forsøk på overlevering var det manglar ved anlegget, melder Gustav Folkestad i Sævereid Fiskeanlegg i ei pressemelding. 

- Frå oktober 2017 har det endeleg vore full produksjon av smolt med høg kvalitet, påpeiker han.

Sævareid Fiskeanlegg har krav mot Gråkjær A/S på grunn av forseinking og manglar, og har derfor halde tilbake midlar.

Saksøker Sævareid

- Sævareid Fiskeanlegg er no saksøkt av Gråkjær AS for Bergen tingrett med krav om betaling, og Sævareid Fiskeanlegg sende 5. oktober 2018 kombinert tilsvar og motkrav innehaldande krav om dagbot og erstatning for utbetring av manglar. Avstanden mellom partane sine posisjonar er betydeleg, melder selskapet.

- Sævareid Fiskeanlegg er ikkje nøgd med Gråkjær A/S' gjennomføring av prosjektet. Det har vore særleg nødvendig å vere påpasseleg med å sikre at alle tiltak for rømmingssikkerheit og god fiskevelferd vart ivaretatt, i tillegg til viktigheita av presis levering på tid, og behovet for klargjering og utprøving før overtaking og drift, opplyser Folkestad.

Har du en nyhet du ønsker å dele eller sitter på tips om noe som skjer innen havbruksnæringen? Tips oss gjerne på redaksjon@kyst.no og merk emnefeltet med: “Tips”, så kontakter vi deg.