Illustrasjons: Visualiering Nordplan
Illustrasjons: Visualiering Nordplan

Grønt lys for Stad Molo: - Ei ny tid for Stadlandet

Statsforvaltaren i Vestland har i dag stadfesta at han trekker si motsegn til planane om Stad Molo, eit stort nytt nærings- og hamneområde i Leikanger på Stadlandet. 

Publisert

- Dette er ein gledens dag. No set vi full fart i prosessen med detaljregulering av Stad Molo, for å vere klare til å ta imot tunnelmasser frå Stad Skipstunnel. Dette er eit prosjekt som vil skape ei ny tid for Stadlandet, med ringverknader for heile Vestlandet. Næringslivet og samfunnsutviklinga på Stadlandet er i vekst, og behovet for nytt og trygt nærings- og hamneareal er svært stort. 

Det seier Kenneth Brandal, dagleg leiar i Stad Molo AS, etter at Statsforvaltaren i Vestland i brev til Stad kommune 23. mai 2022 formelt stadfestar at han trekker motsegnene til kommunedelplanen  for sjøområda i Stad. Planen vart vedtatt av kommunestyret i Stad i februar 2022, med påfølgjande mekling mellom Stad kommune og Fylkesmannen for å avklare gjenståande varsel om motsegner.  Denne meklinga har no ført fram.

Ny indre hamn

Stad Molo er eit stort og omfattande prosjekt som eit samla næringsliv på Stadlandet står bak, og vil skape ei ny indre hamn på Stadlandet med sjøretta næringsareal og moderne hamneinfrastruktur. Samla lengde for ny hamn og molo blir ca 1,4 kilometer. Hamneområdet med to moloarmar skal etter planen strekke seg frå fiskemottaket til Per Stave AS i vest, gå 150 -200 meter utover i fjorden, og så sørover til industriområdet på Sjåstad, på Leikanger. Innløpet mellom dei to delane av moloen blir liggjande på midten.

- Eg er glad for at Statsforvaltaren legg stor vekt på at prosjektet gir stor samfunnsnytte, og er ein god måte å nytte tunnelmassane frå Stad Skipstunnel til framtidsretta samfunnsutvikling, seier dagleg leiar i Stad Molo AS, Kenneth Brandal. 

Stad skipstunnel opnar ei ny farlei gjennom Vanylvsfjorden og forbi Leikanger, og Leikanger hamn vil dermed bli eit viktig knutepunkt for sjøtransport langs kysten, fiskerisektoren og for turismen/småbåttrafikken. Leikanger ligg akkurat innanfor dei 10 nautiske mila som Kystverket tidlegare har sett som grense for gratis levering av tunnelmasse.

- Alle nasjonale politikarar snakkar i festtaler om å flytte gods frå land til sjø. No har vi moglegheiten til å gjere det i praksis. Vi forventar difor eit godt samarbeid med  regionale og statlege styresmakter om vidare utvikling av prosjektet, og at vi kan samarbeide også om finansieringsmodellar for utviklinga av området for å nå politiske mål om meir sjøtransport og framtidsretta distriktsutvikling langs kysten, seier Kenneth Brandal.