Guddalstrappa. Foto: Tore Furdal.

Peikar på dårleg forretningsskikk hjå Havforskningsinstituttet

Leiar i «Guddalselva elveigarlag», Jarle Fossheim kritiserar Havforskninga for deling av sensitiv informasjon der det drøftast vilkår og element knytt til kontrakts-forhandlingar, til lag og personar som ikkje er kontraktspartar i elva.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I brevet «Forretningsrutinar mellom HI og Guddalselven elveigarlag» forklarar Fossheim frustrasjonen på elveeierlagets vegner.

- Guddalselva elveigarlag har sidan år 2000, med unntak av korte periodar, hatt leigeavtale med HI om bruk av elva til forsking. I denne tida har det vore korrespondanse mellom dei to kontraktspartane, i seinare tid har e-post vore den mest nytta forma, innleier han.

Leiaren viser så til at det i samband med NSL sitt krav om innsyn i dokumentasjon knytt til Guddalselva, har måtte sendt over ei rekkje med dokumentasjon til advokatfirma Steenstrup Stordrange. Då ein del av desse vart vidaresendt til Guddalselva elveigarlag for deira informasjon, oppdaga laget at e-postane vart sendt til fleire personar.

- Ut frå desse mailane ser me at korrespondanse mellom elveigarlaget og HI har vorte vidaresendt frå HI og ut til lag og personar som ikkje er kontraktspartar i elva. Elveigarlaget ser på dette som ein dårleg forretningsskikk, og spesielt gjeld dette mailar som er knytt til periodar der me drøftar vilkår og element knytt til kontrakts-forhandlingar.

Leiaren har tidlegare fortalt at dei er opptatt av å ha havforskninga i elva og ynskjer eit godt samarbeid vidare.

Guddalselva. Foto: Ørjan Solheim.

- Praktiserer åpenhet

Øystein Brun, avdelingsdirektør i Havforskningsinstituttet, beklagar i ein e-post at elveeigarlaget opplev deira aktivitet slik.

" Det dere påpeker er imidlertid ikke konkret nok til at vi kan endre vår praksis. Vi kan ikke akseptere at vi på generelt og ensidig grunnlag skal frasi oss muligheten for å innhente informasjon eller ha dialog med andre aktører i Guddalsområdet, spesielt ikke når vi skal inngå en avtale i området.Vi praktiserer åpenhet rundt vår aktivitet Guddalselven og vil kun holde tilbake informasjon dersom et er nødvendig iht regelverk rundt forvaltning, personopplysninger eller unntak fra offentlighet. Dersom Elveeigarlaget mener vi har sviktet på slike områder, ber vi om at det gis en konkret tilbakemelding".

Jarle Fossheim fortel til kyst.no at dei tek svaret til etteretning.

- Me sendte ein mail og ga uttrykk for det me tykkjer, men kan ikkje legge føringar på Havforskningsinstituttet. Dei får gjere det dei vil innan gitte rammer, sier Fossheim i ein kommentar til kyst.no.