– Vi tenkjer i generasjonar, ikkje i kvartal
Lingalaks gjekk med 106,6 millionar kroner i underskot i fjor. No skal familiebedrifta hente meir ut av produksjonen dei alt har.
Oppdrettsselskapet Lingalaks har hovudkontor i Norheimsund og driv 10,6 løyve, inkludert to visingsløyve.
I 2025 selde selskapet 12 783 tonn laks frå lokalitetar i Kvam, Kvinnherad, Radøy, Karmøy og Bømlo.
Tal Kyst.no har henta ut frå årsrekneskapen viser at Lingalaks hadde driftsinntekter på 976,9 millionar kroner i 2025, opp frå 953,9 millionar kroner året før.
Driftsresultatet fall frå 110,1 millionar kroner i 2024 til minus 73,3 millionar kroner i fjor. Resultatet etter skatt enda på minus 106,6 millionar kroner, mot eit overskot på 82,2 millionar kroner året før.
– Marknadsprisane forklarar mykje, saman med auka kostnader. Prisoppnåinga vår var klart svakare enn budsjettert frå slutten av første kvartal, seier dagleg leiar og styreleiar Erlend Haugarvoll til Kyst.no.
Han peikar også på høgare fôrpris og lågare produksjonsvolum som følgje av låg snittvekt.
– Då blir det færre kilo å fordele kostnadene på. Produksjonskostnaden vår har lege for høgt over for lang tid, og det tek vi tak i.
Vil slakte tyngre
For å få ned kostnaden per kilo må Lingalaks først og fremst utnytte MTB-en betre.
– Vi har over tid slakta på for låg snittvekt, og det slår sterkare ut på kostnaden per kilo enn nokon annan enkeltfaktor, seier Haugarvoll.
Selskapet arbeider også med førebyggjande fiskehelse, færre handteringar og betre smoltkvalitet. Målet er å halde lusetala nede og korte ned tida fisken står i sjøen.
Kostnadene i administrasjonen vart reduserte hausten 2025. Haugarvoll opplyser at Lingalaks i år ser effekt av tiltaka både på fôrfaktoren og driftskostnadene.
Lingalaks:
| Tall i millioner kroner | 2025 | 2024 |
| Omsetning | 977 | 954 |
| Driftsresultat | -73 | 110 |
| Driftsmargin | -7% | 12% |
| Res.f.skatt | -147 | 69 |
| EK-andel % | 21% | 28% |
Nøkkeltall for 2025 og 2024.
Tiltaka som gjeld biologien, tek lengre tid før dei gir utslag.
– Det vi gjer på smolt i dag, viser seg først i rekneskapen i 2027 og 2028.
Betre fôrfaktor
Produksjonen låg noko bak planen tidleg i 2026 etter at selskapet slakta ut fisk tidlegare enn planlagt.
Utviklinga har sidan vore positiv, og Haugarvoll seier at generasjonen som no står i sjøen, produserer godt. Gruppene som blir slakta no, har ein klart betre fôrfaktor enn dei som vart slakta i fjor.
– Fiskehelsa er også lovande. Lusenivået ligg under grensa, og dødelegheita vår har over tid lege godt under landssnittet. Det vi jobbar med, er å halde fisken frisk, robust og lusefri.
Når det gjeld marknaden, har utviklinga vore svakare enn selskapet såg føre seg ved inngangen til året.
– Prisoppnåinga har vore svakare enn forwardkurva tilsa. Slik det ser ut no, endar 2026 om lag på nivå med 2025, seier Haugarvoll.
Lingalaks ventar at slaktevolumet vil auke som følgje av den positive produksjonsutviklinga. Haugarvoll er likevel forsiktig i synet på laksemarknaden ut året.
– Forwardprisane for andre halvår ligg lågt, og hovudproblemet er etterspurnaden, ikkje tilbodet. Inn i 2027 er vi meir optimistiske fordi tilbodsveksten flatar ut.
Han meiner selskapet først og fremst må konsentrere seg om det dei sjølve kan påverke.
– Vi kan ikkje styre lakseprisen. Vi kan styre kostnaden vår. Difor er det der vi legg kreftene.
Styrkte økonomien
Ved utgangen av 2025 hadde Lingalaks ein eigenkapital på 314,3 millionar kroner, ned frå 409,8 millionar kroner året før. Eigenkapitaldelen fall frå 28,5 til 21,2 prosent.
Lånevilkåra stilte krav om ein eigenkapitaldel på minst 25 prosent. Selskapet var dermed i brot med kravet ved årsskiftet, men fekk mellombels fritak frå banken. Kravet vart seinare justert til 20 prosent ut 2026.
– Vi hadde tett dialog med banken. Sidan då har salet av Sævareid-posten styrkt både eigenkapitalen og likviditeten, og drifta går betre enn i fjor, seier Haugarvoll.
Salet vart gjennomført etter årsskiftet og er ikkje ein del av 2025-resultatet. Den rekneskapsmessige effekten kjem først i 2026-rekneskapen.
Lingalaks vil ikkje opplyse om salssummen. Haugarvoll seier likevel at transaksjonen har styrkt selskapet monaleg.
– Den underliggjande soliditeten er vesentleg sterkare enn nøkkeltalet frå 2025 fortel. Vi har handlingsrom, men prioriterer stramt. Vi investerer der det gir direkte utslag på fiskehelse og kostnad per kilo.
Skal ikkje vekse
Lingalaks har ikkje planar om å løyse kostnadsutfordringane gjennom kraftig volumvekst.
– Vi skal ikkje vekse oss ut av dette. Vi skal produsere betre på det vi alt har. Å utnytte MTB-en betre er den viktigaste enkeltoppgåva vår, seier Haugarvoll.
Selskapet vurderer samtidig løysingar som kan redusere lusepresset, styrkje fiskehelsa og gjere produksjonen mindre avhengig av handtering.
Ifølgje Haugarvoll skal utviklinga skje stegvis, med eit lønsamt grunnlag for kvart tiltak, framfor eitt stort teknologiløft. Den varsla miljøfleksibilitetsordninga kan gjere slike investeringar meir aktuelle dersom førebyggjande teknologi kan gi utteljing i form av MTB.
– Elles ligg tyngdepunktet på biologien: førebygging framfor behandling, betre smoltkvalitet og kortare tid i sjø.
Starta i 1978 – held fram
Historia til Lingalaks går tilbake til 1978, då ekteparet Rolv og Åsta Haugarvoll bygde eigne merdar og starta med lakseoppdrett i Strandebarm. Den første laksen vart slakta i garasjen, og dei første ti åra levde familien på lærarløna til Åsta medan selskapet vart bygd opp.
Ekteparet har tidlegare fortalt til «Kystpodden» at ønsket var å skape arbeidsplassar for unge i bygdene langs fjorden. Sonen Erlend Haugarvoll har seinare teke over leiinga av familiebedrifta.
I januar konkluderte Haugarvoll-familien med at dei ville halde fram som eigarar av Lingalaks.
– Vi er ei familiebedrift i Hardanger. Vi har stått i tunge år før og komme styrkte ut. Vi tenkjer i generasjonar, ikkje i kvartal, avsluttar han.
Høyr også «Kystpodden» der gründerane og ekteparet Rolv og Åsta Haugarvoll fortel om Lingalaks.